Marcus Jacob Monrad
Marcus Jacob Monrad | |||
| |||
Fødd | 19. januar 1816 Nøtterøy kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 30. desember 1897 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, teolog, filosof | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Olaf Peder Monrad | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det Norske Videnskaps-Akademi |
Marcus Jacob Monrad (19. januar 1816–30. desember 1897) var ein norsk teolog og filosof. Han var professor i filosofi ved Universitetet i Christiania frå 1851 til han døydde. Han var til Peder Monrad.
Monrad vart fødd på Nøtterøy i Vestfold, men voks opp på Mo i Telemark (ligg i noverande Tokke kommune.) Monrad tok teologisk embetseksamen i 1840, og vart i 1845 utnemnd til lektor i filosofi ved Universitetet i Christiania. Han skreiv fleire av lærebøkene til «Annen-eksamen», brukt under store delar av embetsmannstatens periode. Mellom dei var Philosophisk Propædeutik (første utgåve 1849), Psychologie (første utgåve 1850) og Ethik (første utgåve 1851). Monrad gav også ut Tankeretninger i den nyere tid i 1874 og Æsthetik i 1889–90. Jamsides universitetsarbeidet var Monrad i lang tid ein aktiv litteraturkritikar.
Jens Arup Seip meiner Monrad stod for eit heilt anna filosofisyn enn A. M. Schweigaard, J. S. Welhaven og Intelligenspartiet. Der desse var sterkt kritisk til den tyske idealismen, var Monrad ein tilhengar av retninga. Ifølgje Rune Slagstad deler likevel både Monrad og Welhaven eit «filosofisk fellesskap» i den tyske idealismen, og «det var ved denne filosofi de integrerte romantikkens ekspressive revolusjon i embetsmannsstatens ideverden.»[1]
Welhaven og Monrad stod bak ein overgang «fra individualetikk til samfunnsetikk, fra moralitet til sedelighet, og fra Kant til Hegel», ifølgje Rune Slagstad. Samfunnsinstitusjonane oppfatta dei som «kroppsliggjøringen» av fellesskapet sine normer.
Politisk var Monrad ein innbiten motstandar av parlamentarismen; han meinte den var eit konstitusjonelt tilbakesteg. Samstundes var han sterkt unionsvennleg. Tida hans som skandnavist var med å gjere han nokså pro-svensk. Til dette kom at han i prinsippet var tilhengar av føderasjonstanken; han meinte at unionen mellom Noreg og Sverige hadde vore eit steg i rett retning i internasjonal organisasjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rune Slagstad, Najonale strateger
- Denne artikkelen bygger på «Marcus Jacob Monrad» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2010.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- H. O. Christophersen: Marcus Jacob Monrad. Et blad av norsk dannelses historie i det 19. århundre Oslo 1959
- Rune Slagstad: De nasjonale strateger 2001, ISBN 82-530-2336-7
- Trude Evenshaug: Monrad og den offentlige mening. En lesning av filosofen M. J. Monrads deltakelse i det offentlige ordskiftet 1845-1891 2006, ISSN 1501-8962