Manfred Wörner
Manfred Wörner | |||
| |||
Fødd | 24. september 1934 Stuttgart | ||
---|---|---|---|
Død | 13. august 1994 (59 år) | ||
Statsborgar av | Tyskland | ||
Parti | Christlich Demokratische Union (1956) | ||
Yrke | politikar, jurist, diplomat | ||
Institusjonar | Baden-Württemberg Baden-Württembergs landdag Göppingen | ||
Utdanna ved | Universitetet i Heidelberg Universitetet i Paris Ludwig-Maximilians-Universität München Johannes-Kepler-Gymnasium | ||
Medlem | Junge Union Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | Generalsekretær i NATO 1988-1994]] | ||
Føregangar | Peter Carington | ||
Etterfylgjar | Sergio Balanzino | ||
Alle verv |
|
Dr. jur. Manfred Wörner (fødd 24. september 1934 i Stuttgart, død 13. august 1994 i Brussel) var ein tysk konservativ politikar (CDU) og diplomat. Han var forsvarsminister i Tyskland frå 1982 til 1988, og generalsekretær i NATO frå 1988 til han døydde i 1994. Slutten på den kalde krigen fann stad innanfor embetsperioden hans. Han fekk kreftdiagnose under tida si som generalsekretær, men han valde å bli verande i posten til få dagar før han døydde av sjukdomen. Mange syntest dei fekk eit glimt av mennesket bak generalsekretærrollen då han gretande kommenterte bortgangen den norske utanriksministeren Johan Jørgen Holst i januar 1994 - berre nokre månader før han sjølv gjekk bort.
Wörner var barneborn av Luftwaffe-generalen Hermann Aldinger, sjef for 1. tunge luftvernbatteri i Legion Condor under den spanske borgarkrigen. Han voks opp i huset til bestefaren i Stuttgart-Bad Cannstatt og gjekk på Johannes-Kepler-gymnasiet der. Etter at han tok sin Abitur i 1953 studerte han jus i Heidelberg, Paris og München. Han tok sin første juridiske statseksamen i 1957 og den andre i 1961, og vart same år dr. jur. med eit arbeid innan internasjonal rett. Han gjorde deretter karrière som embetsmann, og var dessutan jagarpilot og reserveoffiser i Luftwaffe. Han vart innvald i det tyske parlamentet i 1965, og var viseformann for den konservative fraksjonen og dessutan formann for forsvarskomitéen. I 1982 vart han utnemnd til forsvarsminister i regjeringa til Helmut Kohl. Han gjekk av som forsvarsminister den 18. mai 1988 og vart generalsekretær i NATO den 1. juli same år.
Sidan 1996 har det tyske forsvarsministeriet utdelt ein Manfred Wörner-medalje til offentlege personar som har gjort ein særleg innsats for fred og fridom i Europa. Mottakarar av medaljen inkluderer Richard Holbrooke, Ewald von Kleist, Javier Solana, Christian Schwarz-Schilling, Martti Ahtisaari og Klaus Naumann.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Manfred Wörner» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2010.