Maastrichtium
Utsjånad
Maastrichtium er den siste alderen i epoken sein krit, heile krittida og heile mesozoikum. Han varte frå 70,6 ± 0,6 til 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Maastrichtium kjem etter campanium og før danium i paleogen. Han er kalla opp etter Maastricht, ein by i Nederland, der det er funne mange fossil frå perioden, mellom anna var det her mosasauren vart oppdaga.
Mot slutten av denne perioden var det ei masseutrydding kalla krit-tertiær-utryddinga, der mange kjende dinosaurar, dei som ikkje utvikla seg vidare til fuglar, døydde ut, samt svaneøgler, mosasaurar og mange andre mindre kjende grupper.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maastrichtian» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2008.
Krit | |
---|---|
Tidleg/nedre krit | Øvre/sein krit |
Berriasium | Valanginium | Hauterivium Barremium | Aptium | Albium |
Cenomanium | Turonium | Coniacium Santonium | Campanium | Maastrichtium |