[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mona Bone Jakon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mona Bone Jakon
Studioalbum av Cat Stevens
Språk engelsk
Utgjeve 24. april 1970
Innspelt Januar og februar 1970
Studio
Sjanger Folkrock
Lengd 35:15
Selskap Island (UK/Europe)
A&M (US/Canada)
Tekstforfattar Cat Stevens
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens-kronologi 
New Masters
(1967)
Mona Bone Jakon Tea for the Tillerman
(1970)


Mona Bone Jakon er det tredje studioalbumet til den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens, gjeve ut i april 1970 på Island Records i Storbritannia og på A&M i Nord-Amerika.

Etter ein kometstart på karrieren, som overraska sjølv den opphavlege produsenten hans hos Deram Records med hitsinglane «I Love My Dog», «Matthew and Son» og «I'm Gonna Get Me a Gun» og debutalbumet Matthew and Son som nådde høgt på hitlistene. Men etter press om eit nytt album av same kaliber, vart Stevens, rekna som ein ung tenåringssensasjon, overvelda av den ny livsstilen og krava til å skriva, spela inn, opptre, halde konsertar og turnear. Hans andre album vart ein kommersiell fiasko, og hausten 1968 vart han innlagd på sjukehus med diagnosen tuberkulose og kollapsa lunge. I over eit år, medan han kom seg, forsvann Stevens praktisk talt frå den britiske popscena. Mona Bone Jakon er oppsiktsvekkjande ikkje berre for tilbakekomsten hans, men for framveksten av ein veldig annleis artist. Albumet selde sakte (til å byrja med), men har over tid vorte sertifisert til gullplate for sal på meir enn 500 000 eksemplar i USA.

I løpet av sitt sjukehusdikterte år med sengeleie byrja Stevens å skriva ein katalog med songar som skulle fylla langt meir enn hans neste album. Etter at han vart frisk forhandla han seg ut av kontrakten med Deram Records og jobba med den tidlegare Yardbirds-bassisten Paul Samwell-Smith på eit nedstrippa lydbilete. I motsetning til dei to første albuma hans var desse nye låtane sparsamt arrangerte. Dei vart spelte på akustisk gitar og klaverinstrument og akkompagnert av eit mindre backingband, beståande av tre andre utøvarar: andregitaristen Alun Davies, bassisten John Ryan og trommeslagaren Harvey Burns - og på ein låt, «Katmandu», Peter Gabriel på fløyte. Samwell-Smith produserte òg albumet og gav Stevens ein hifi-lyd som ikkje var like til stades på dei tidlegare utgivingane hans. Samwell-Smith var ein av dei tidlege produsentane innan rock som pressa dei lågare bassfrekvensane meir framståande i miksen i eit forsøk på å halda tritt med den nye audiofile generasjonen, som omfamna større heimehøgtalarar og avanserte fonografiske kassettar. Stevens byrja å gjera overgangen frå popmusikar til folkrock-artist då omgrepet «songar-låtskrivar» nettopp var i ferd med å bli skapt.

Sjølve songane var mørkare i tonen: den madrigal-inspirerte balladen «Lady D'Arbanville» opphøgde tragedien til ein tapt elskar (i dette tilfellet den tidlegare kjærasten til Stevens, Patti D'Arbanville) til ein avdød, og «Trouble» var ei bøn om å hindra døden. Det var òg lettare songar: «Pop Star» viste den dramatiske stemmeforandringa til Stevens ved å satirisera over trivialiteten i kjendislivet.

Sjølv om «Lady D'Arbanville» nådde åttandeplassen på dei britiske hitlistene, vart Mona Bone Jakon berre ein beskjeden suksess ved utgivinga. Albumet tiltrekte seg likevel merksemd i kjølvatnet av det kommersielle gjennombrotet til oppfølgjaren Tea for the Tillerman, og med inkluderinga av tre av songane («Trouble», «I Wish, I Wish» og «I Think I See the Light») i Hal Ashby og Colin Higgins sin svarte komedie frå 1971, Harold and Maude.

Opphavet til tittelen

[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje eit intervju med Stevens frå 1972 var inspirasjonen til tittelen eit namn han fann på for å skildra penisen sin: «Mona Bone Jakon er eit anna namn for penisen min. Det er namnet eg gir han. Det er ikkje noko hemmeleg vokabular, det er berre noko eg har funne på.»[1]

Journalisten Robert Chalmers gjentok dette poenget i eit intervju med Yusuf Islam for The Independent on Sunday i 2003 då han skreiv: «Då Stevens dukka opp igjen i 1969, hadde han meir enn 40 nye songar og gav ut tre triumferande album på 15 månader på Chris Blackwell sitt Island: Mona Bone Jakon (hans favorittord for penisen sin), Tea for the Tillerman og Teaser and the Firecat[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Christgau's Record GuideB–[3]

I ei samtidig melding for The Village Voice, sa musikkritikaren Robert Christgau at etter den kommersielle fiaskoen til New Masters, «har denne ein fin post-kreativ traumekjensle, intim og kjenslevar. Tilrådd for songar/låtskrivar-spesialistar.»[4] I ei retrospektiv melding gav Allmusic-skribenten William Ruhlmann albumet fire av fem stjerner og kalla det «ei gruppe enkle, inderlege songar spelt i sparsame arrangement på akustisk gitar og klaverinstrument og drive av ein beherska rytmeseksjon». Han la til at «Den sprø røysta til Stevens, med dei merkelege tonebrota sine og tidvis hes, gav desse til tider skisseaktige songane djupn».[5]

Alle songar er skrivne av Cat Stevens.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Lady D'Arbanville»3:45
2.«Maybe You're Right»3:25
3.«Pop Star»4:13
4.«I Think I See the Light»3:55
5.«Trouble»2:49
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Mona Bone Jakon»1:42
2.«I Wish, I Wish»3:50
3.«Katmandu»3:22
4.«Time»1:26
5.«Fill My Eyes»3:00
6.«Lilywhite»3:41

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1970/71) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 25
Storbritannia (Official Charts Company) 63
USA (Billboard 200) 164

Salstrofé og salstal

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[7] Gull 100 000*
Tyskland (BVMI)[8] Platina 500 000^
USA (RIAA)[9] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. Majicat - Cat Stevns (sic) i det franske magasinet Pop Musigue (sic), Majicat: Cat Stevens Scrapbook 
  2. «The Robert Chalmers Interview: Back on the Peace Train», The Independent on Sunday, 10. desember 2003, arkivert frå originalen 24. februar 2005, henta 10. april 2023 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 13. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. Christgau, Robert (19. november 1970). «Consumer Guide (14)». The Village Voice (New York). Henta 10. april 2023. 
  5. Mona Bone JakonAllmusic
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 293. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «French album salstrofé – Cat Stevens – Mona Bone Jakon» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  8. «Gold-/Platin-Datenbank (Cat Stevens; 'Mona Bone Jakon')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 10. april 2023. 
  9. «American album salstrofé – Cat Stevens – Mona Bone Jakon». Recording Industry Association of America. Henta 10. april 2023.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH