Mobilisering
Utsjånad
Mobilisering vil seia at ein stat set i stand væpna styrkar og forsyningar til å gå til krig om dette skulle bli nødvendig. Mobilisering kan vera heil eller delvis, der ein til dømes berre kallar inn ein del vernepliktige soldatar og offiserar til teneste. Særleg før første og andre verdskrigen utvikla mange nasjonar store planverk for å sikre ei raskast mogleg mobilisering av ressursane i høve krig.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Mobilisering i Store Norske Leksikon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mobilisering» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2014.
- Mobilisering i Store Norske Leksikon