[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mount Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Berlin
vulkan
Flyfoto av Mount Berlin frå nordvest
Land  Antarktis
Fjellkjede Flood Range
Stad Marie Byrd Land
 •  høgd 3 478 moh.
 - koordinatar 76°3′S 135°52′W / 76.050°S 135.867°W / -76.050; -135.867
Vulkantype Skjoldvulkan
Vulkanaktivtet 8350 fvt. +/- 1000 år
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Berlin
76°03′18″S 135°49′30″W / 76.055°S 135.825°W / -76.055; -135.825
Mount Berlin is located in Antarktis
Mount Berlin (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mount Berlin

Mount Berlin er den sjette høgaste vulkanen i Antarktis, 16 km vest for Mount Moulton i Marie Byrd Land nær austkysten av Rosshavet. Det består av to skjoldvulkanar: Marren Peak og Berlin Crater. Den vulkanske strukturen vert rekna som aktiv sidan det er aktive fumaroler observert nær kanten av den nordlege og vestlege kalderaen. Desse har skapt fumarolske istårn.

Topografisk kart av Mounts Moulton og Berlin (1:250 000 skala)

Vulkanen vart oppdaga av Byrd-ekspedisjonen på flytur nordaust og aust for Little America i november–desember 1934. Det vart namngjeve «Mount Hal Flood» av Byrd, men namnet Flood er no nytta om heile fjellkjda som vulkanen er ein del av. Det vart namngjeve av US-SCAN etter Leonard M. Berlin, leiaren for USAS-gruppa som vitja dette fjellet i desember 1940.