mRNA
Utsjånad
mRNA (stutt for messenger RNA) eller bodberar-RNA er ein type RNA-molekyl som inneheld genetisk informasjon frå avskriving av DNA. Eit moge mRNA-molekyl kan binda seg til eit ribosomkompleks og vera mal for proteinsyntese; ein prosess kalla omsetjing.
I eukaryotar lyt mRNA-et dra ut av sellekjernen for å kunna setjast om i eit ribosom. I prokaryotar kan eit mRNA-molekyl setjast om i ribosom medan det framleis vert laga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Clancy, S. & Brown, W. (2008) «Translation: DNA to mRNA to Protein». Nature Education 1(1):101