MF «Storegut»
Utsjånad
- Sjå òg Storegut (fleirtyding)
MF «Storegut» er ei norsk jarnbaneferje som trafikkerte Tinnsjå i Telemark frå 1956 til 1991.
Ferja vart bygt i stål av Glommen Mekaniske verkstad på ferjeslippen på Tinnoset i 1956.[1] Ho var ein del av transportkjeda Rjukanbanen-Tinnsjøen-Tinnosbanen-Telemarkskanalen til trafikken på banen vart nedlagt i 1991.
Da skipet vart sjøsett i 1956, var det den største innsjøferja i Nord-Europa.[2] Ho tok over trafikken for DF «Ammonia», som gjekk over til å bli reserveferje.
MF «Storegut» vart freda av Riksantikvaren i 2009.[1] Frå i 2015 vart ho innskrive på UNESCO si verdsarvliste som ein del av Rjukan-Notodden industriarv.[3]
Tekniske data
[endre | endre wikiteksten]- Byggjeår: 1956
- Lengde: 82.11 m
- Tonnasje: 1 119 bruttotonn
- Maskinar: 3 stk 6 sylindra MWM dieselmotorar
- Kapasitet: 19-21 jarnbanevognar, 400 passasjerar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Storegut / Fartøy». Riksantikvaren / Kulturminnesøk. Henta 21. september 2017.
- ↑ «M/F Storegut». Rjukanbanen / Norsk industriarbeidermuseum. Henta 22. september 2017.
- ↑ «Verdensarven på Rjukan og Notodden». Riksantikvaren. 6. juli 2015. Henta 21. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «MF «Storegut»» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2017, revisjon 17767343.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- MF «Storegut» i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren