Ljudmila Tsjernykh
Ljudmila Tsjernykh | |||
Fødd | Людми́ла Ива́новна Черны́х 13. juni 1935 Sjuja | ||
---|---|---|---|
Død | 28. juli 2017 Russland | ||
Nasjonalitet | Sovjetunionen, Ukraina, Russland | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom | ||
Alma mater | Irkutsk State Pedagogical College | ||
Ektefelle | Nikolaj Tsjernykh |
Ljudmila Ivanovna Tsjernykh (13. juni 1935–28. juli 2017) er ein russisk, ukrainsk og sovjetisk astronom. Ho har oppdaga mange asteroidar, mellom anna Apollo-asteroidane 2212 Hephaistos og 3147 Samantha.
I 1959 tok ho eksamen ved Det statlege pedagogiske universitetet i Irkutsk. Mellom 1959 og 1963 arbeidde ho i Tid og frekvens-laboratoriet ved Heile unionens forskingsinstitutt for fysikktekniske og radiotekniske målinger i Irkutsk, der ho gjorde astrometriske observsjonar for 'Tidstenesta'.
Mellom 1964 og 1998 var ho vitskapleg medarbeidar ved Instituttet for teoretisk astronomi ved Det sovjetrussiske vitskapsakademiet (Det russiske vitskapsakademiet sidan 1991), og arbeidde ved observasjonsenteret på instituttet ved Krim-observatoriet i Nautsjnij. I 1998 blei ho vitskapleg medarbeidar ved Krim-observatoriet.
Ljudmila Tsjernykh er giift med Nikolaj Tsjernykh. Asteroiden 2325 Chernykh oppdaga i 1979 av Antonín Mrkos blei kalla opp etter henne.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schmadel, Lutz D. (2003). Dictionary of Minor Planet Names (5th utg.). New York: Springer Verlag. s. 189. ISBN 3-540-00238-3.
- Denne artikkelen bygger på «Ljudmila Tsjernykh» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2020.