Ljudmila Sjevtsova
Utsjånad
Ljudmila Sjevtsova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 26. november 1934 (90 år) Taman |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1960, EM i friidrett 1954 |
Utmerkingar | Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Ljudmila Ivanovna Sjevtsova (fødd 26. november 1934) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Taman som representerte Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 800 meter i 1960.
Sjevtsova tok bronsemedaljen på 800 m under friidretts-EM i Bern i 1954. Året etter vart ho sovjetmeister på 400 m og 800 m, også i 1956 og -59 vann ho 800 m i sovjetmeisterskapen.
Den 3. juli 1960 sette ho verdsrekord på 800 m. Rekordtida 2.04,3 tangerte ho då ho to månader seinare spurta forbi australske Brenda Jones og vann gullmedaljen på distansen under sommarleikane i Roma. Ho vart sovjetmeister på yndlingdistansen i 1961 og -62, men vart slått ut i EM i friidrett 1962 i Beograd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lyudmila Shevtsova» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2016.
- «Lyudmila Lysenko» (på engelsk). Olympedia. Henta 13. mars 2023.