Lingala
Lingala Lingála | ||
Klassifisering | Nigerkongo-språk Atlantisk Voltakongo-språk Benuekongo-språk Bantoid Sørbantoid Eigenleg bantuspråk Nordvestleg Sone C Bangi-ntomba-språk | |
Bruk | ||
Tala i | Den demokratiske republikken Kongo Republikken Kongo | |
Lingalatalande i alt | 2 141 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Den demokratiske republikken Kongo Republikken Kongo | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ln | |
ISO 639-2 | lin | |
ISO 639-3 | lin | |
Wikipedia på lingala |
Lingala (lingala lingála) er eit bantuspråk i nigerkongo-familien som blir snakka i Den demokratiske republikken Kongo og Republikken Kongo. Det er offisielt språk i begge desse landa, og det er omtrent åtte millionar andrespråkstalarar, i tillegg til dei to millionane som har det som morsmål. Det blir òg til ei viss grad snakka i Angola og Den sentralafrikanske republikk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lingala stammar frå bobangi, eit språk som vart snakka langs Kongoelva mellom Lisala og Kinshasa. Bobangi fungerte som eit regionalt handelsspråk før skipinga av Fristaten Kongo. I dei to siste tiåra av det nittande hundreåret, før Leopold II av Belgia sine troppar erobra området og byrja kommersiell utnytting av det, auka nytta av bobangi. Språket vart lært av og påverka av vestlege mellommenn og tolkar. Koloniadministrasjonen, som trong eit fellesspråk for regionen, byrja å bruke språket til misjons- og administrative føremål, og kalla det bangala for å skilje mellom det og det gamle bobangi. Språket utvikla naturleg nok trekk vanlege for andre pidginspråk; til skilnad frå andre lokale bantuspråk er setningsstrukturen, ordstillinga og lydsystemet forenkla, og dei som snakkar det låner ofte ord og konstruksjonar frå andre språk dei kan.
Rundt hundreårsskiftet 1900 byrja misjonærar frå CICM eit prosjekt for å «reinse» språket, og gjere det til eit «reint bantuspråk» att. Bruken av lingala har med åra vakse i takt med innverknaden til språket sitt hovudområde, Kinshasa.
Fonologi
[endre | endre wikiteksten]Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Lingala har sju vokalfonem, fordelt på fremre og bakre vokalar.
Fremre | Bakre | |
---|---|---|
Trong | i | u |
Halvtrong | e | o |
Halvopen | ɛ | ɔ |
Open | a |
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]Der konsonantar opptrer i par er den til høgre stemt.
Labial | Alveolar | Post- alveolar |
Palatal | Velar | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Nasal | m | n | ɲ | ||||||
Plosiv | p | b | t | d | k | g | |||
Frikativ | f | v | s | z | ʃ | (ʒ) | |||
Approksimantar | l | j |
Tonar
[endre | endre wikiteksten]Lingala er eit tonespråk, dvs. at tone er tydingsskiljande i minimale par. Språket har to tonar, vanleg (låg) og høg. Høg tone vert markerte i skriftspråket med akutt aksent (´). Døme på minimale par er moto «menneske» mot motó «hovud», kokoma «å skrive» mot kokóma «å kome».
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Som alle andre bantuspråk har lingala eit substantivklassesystem der substantiv blir klassifisert etter kva for eit prefiks de har og kva for prefiks de utløyser i samsvarsbøying. Tabellen under viser substantivklassene i lingala, og bruker talsystemet som er vanleg i skildringa av bantuspråk (sjå bantuspråk for meir informasjon).
klasse | prefiks | døme | omsetjing |
---|---|---|---|
1 | mo- | mopési | «tenar» |
2 | bad- | bapési | «tenarar» |
3 | mo- | mokíla | «hale» |
4 | mi- | mikíla | «halar» |
5 | li- | liloba | «ord» |
6 | ma- | maloba | «ord» (fleirtal) |
7 | e- | elokó | «krukke, steinflaske» |
8 | bi- | bilokó | «krukker, steinflasker» |
9 | m-/n- | ntaba | «geit» |
10 | m-/n- | ntaba | «geiter» |
9a | Ø- | sánzá | «måne» |
10a | Ø- | sánzá | «månar» |
11 | lo- | lolemo | «tunge» |
14 | bu- | bosoto | «skit» |
15 | ko- | kotála | «å sjå/sjåande» |
Dei einskilde klassene utgjer par av eintal/fleirtal. Oddetalsklassene 1–9 tek partallsklasseen 2–10 i fleirtal. Unntak frå dette er at mange hushaldningsord i klasse 9 tek prefiks frå klasse 2 (lutu «skei», balutu «skeier»). Ord i klasse 11 tek som regel klasse 10 i fleirtal. Dei fleste orda i klasse 14 (mengdeord, abstrakt) tek som regel ikkje fleirtal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lingala» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lingala Arkivert 2011-06-05 ved Wayback Machine. - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).
- Innføring i lingala