[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Lilla Cabot Perry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilla Cabot Perry

Statsborgarskap USA
Fødd 13. januar 1848
Boston
Død

28. februar 1933 (85 år)
Hancock

Yrke kunstmålar, lyrikar, omsetjar, skribent, kunstnar
Sjanger portrett, landskapsmåleri
Far Samuel Cabot
Mor Hannah Lowell Jackson
Ektefelle Thomas Sergeant Perry
Born Alice (Perry) Grew
Lilla Cabot Perry på Commons

Lilla Cabot Perry (13. januar 184828. februar 1933) var ein amerikansk kunstnar som høyrde til den amerikanske impresjonismen. Ho måla portrett og landskap i den frie stilen til læremeisteren sin, Claude Monet. Perry var ein tidleg støttespelar for fransk impresjonisme, og bidrog til at stilen blei teken imot i USA. Dei tidlege verka til Perry var påverka av kontakten hennar med Boston-skulen i måling og reisene hennar i Europa og Japan. Ho var også sterkt påverka av filosofien til Ralph Waldo Emerson og vennskapen sin med Camille Pissarro. Sjølv om Perry fyrst fekk formell opplæring då ho var trettiseks, hadde arbeidet hennar med kunstnarar frå impresjonismen, realismen, symbolismen og den tyske sosialrealismen stor innverknad på stilen hennar.

Tidleg liv

[endre | endre wikiteksten]

Lydia (Lilla) Cabot[1] blei fødd i 1848 i Boston i Massachusetts.[2][3] Far hennar var dr. Samuel Cabot III, ein framståande kirurg. Mor hennar var Hannah Lowell Jackson Cabot.[4][5] Lilla var den eldste av åtte barn.[2] Tre av dei andre var Samuel Cabot IV (f. 1850),[6] som skipa Valspar's Cabot Stains,[7] dr. Arthur Tracy Cabot (f. 1852),[6] ein progressiv kirurg[8] og Godfrey Lowell Cabot (f. 1861),[6] som grunnla Cabot Corporation.[9] Familien hennar hadde ei framståande stilling i Boston, og vennar av familien var mellom anna Louisa May Alcott, Ralph Waldo Emerson og James Russell Lowell.[2] Lowell var syskenbarn av mor til Lilla, og dottera hans, Mabel, var ein nær venn av henne.[10] Lilla Perry hadde tilgang til å låna bøker ved Boston Athenæum, eit av dei eldste biblioteka i USA, både gjennom faren og gjennom familien til mora.[5]

Perry studerte språk, litteratur, poesi, musikk og hadde uformelle skissesamkome med vennene sine. Som barn likte ho også å lesa og driva med utandørsleiker.[11] Perry var tretten år gammal då den amerikanske borgarkrigen braut ut. Foreldra hennar var overtydde abolisjonistar, og hadde ei aktiv rolle i samband med krigen ved å gje hjelp til såra soldatar og rømte slavar.[11] Borgarkrigen enda då Perry var sytten, og ho flytta med familien til eit gardsbruk i Canton i Massachusetts. Her utvikla ho mykje av interessa si for landskap og natur.[11] I 1867 reiste ho saman med foreldra sine til Europa, der ho studerte måleri.[5]

Thomas Sergeant Perry, 1889

9. april 1874 gifta Lilla seg med Thomas Sergeant Perry, ein Harvard-utdanna lærd og lingvist.[12] Grandonkelen hans var Matthew C. Perry, som var commodore i den amerikanske marinen.[2] Paret fekk tre døtrer: Margaret (1876), Edith (1880) og Alice (1884).[2]

Utdanning og tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]
Child at the Window (Edith Perry)

Ho fullførte det som er rekna som det eldste kjente måleriet sitt, Portrait of an Infant (Margaret Perry), frå 1877 til 1878. Verket er som mange andre ho skapte gjennom karrieren inspirert av barna hennar.

I 1884 byrja Perry formell kunstnarutdanning hjå portrettmålaren Alfred Quinton Collins. Collins hadde studert ved Académie Julian i Paris under rettleiing frå Léon Bonnat.[13] Perry sitt verk The Beginner, ca. 1885–86, er det fyrste verket ho fullførte under formell rettleiing.The Beginner reflekterer påverknad frå Collins med det alvorlege blikket til modellen, den mørke bakgrunnen og vektlegginga på dramatisk lyssetting.

I 1885 døydde far til Perry og etterlet henne ei arv som gjorde at ho kunne studera kunst meir seriøst. I januar 1886 byrja ho studiar hjå Robert Vonnoh, ein kunstnar som verka innan den impresjonistiske en plein air-stilen i Grez-Sur-Loing i Frankrike.[14] Ho tok timar hjå Dennis Bunker ved Cowles Art School i Boston frå november 1886.[3][11] Cowles lærte studentane sine «liberale teoriar» og realistisk kunst – teoriar som Perry gjerne tok til seg.[11]

Perry fekk i oppdrag frå Aaron Lufkin Dennison frå Waltham Watch Company å måla dei tre døtrene hans. Dette tente henne nok pengar til å dra på fyrsteklasse til Europa i juni 1887. Familien Perry flytta til Paris det året. Perry byrha ved Académie Colarossi,[3] der ho arbeidde med Gustave Courtois og Joseph Blanc. Ho studerte med den tyske målaren Felix Borchardt.[11] I tillegg til å få formell akademisk opplæring brukte Perry mykje tid på å studera gamle meistrar i museum med Bernard Berenson, ein kunstmeldar som var ven av ektemannen hennar.[2] Ho drog også til Spania for å kopiera verk ved Museo del Prado. Perry sitt verk The Red Hat frå 1888 reflekterer sterkt den formelle opplæringa ho hadde fått og eksponeringa hennar for dei gamle meistrane, særleg verka til Sandro Botticelli.[11]

I 1888 drog Perry til München der ho studerte med den tyske sosialrealisten Fritz von Uhde. Uhde si handtering av motiv og fargebruken hans hadde ein dynamisk effekt på arbeidet til Perry. Hausten 1888 hadde Perry vendt tilbake til Paris.[15] Ho studerte ved Académie Julian hjå Tony Robert-Fleury.[11]

Med oppmuntring frå Walter Gay sende Perry inn to måleri ho nyleg hadde fullført til Société des Artistes Indépendants. Portretta av ektefellen Thomas Sergeant Perry (1889) og av dottera Edith Perry (1889) blei aksepterte av Salongen, og med denne suksessen byrja karrieren hennar i Frankrike.

Perry sin suksess i 1889 gjorde det mogleg for henne å bli ein av dei få utvalde til å vera i Alfred Stevens sin klasse i Paris. Stevens var kjend for «elegante interiør med danna kvinner i djupe tankar.»[a] Under tida si i Paris blei ho venner med Mary Cassatt, Camille Pissarro og Claude Monet.[16]

I 1889 såg Perry Claude Monet sine verk for fyrste gong i galleriet til Georges Petit. Ho blei inspirert, og familien Perry var den neste sommaren i Giverny, der Monet budde, for å gje Lilla breiare inntrykk av den impresjonistiske stilen hans. Mellom 1889 og 1909 var Perry ni somrar i Giverny. Det var her ho heilt fann si form som kunstnar. I løpet av tida i Giverny knytta ho ein nær vennskap med Claude Monet, som inspirerte verket hennar kraftig med den impreskonistiske behandlinga si av farge og lys. I tillegg arbeidde ho med ei gruppe amerikanske kunstnarar som var i Giverny, som Theodore Robinson, John Leslie Breck og Theodore Earl Butler.[17]

La Petite Angèle, II, 1889

Ein kan sjå eit tydeleg skifte i verka til Perry etter at ho kom til Giverny. Hennar La Petite Angèle, II (1888) illustrerer den dramatiske utviklinga stilen hennar hadde i denne perioden. I motsetnad til dei tidlegare portretta hennar, som The Letter, som nytta meir tradisjonelle teknikkar for å gje att motivet nøye, er La Petite Angèle II tydeleg impresjonistisk i stilen med dei frie penselstrøka sine som fangar inntrykk av lys og fargar. I staden for å blanda saman kvart penselsstrøk, lét Perry komposisjonen vera «rå», og lét dermed lerretet bli gjennomsyra av ein livfullheit ein ikkje hadde sett i dei tidlegare verka hennar. Giverny, og meir spesifikt Claude Monet, inspirerte Perry til å jobba med former for friluftsmåleri, impresjonistiske penselstrøk, mjuke fargar og valmueraudfarge. I vindauget til La Petite Angèle, II ser ein byrjinga på det som skulle bli Perry sitt kjærleiksforhold med den impresjonistiske handteringa av landskap.

Hausten 1889 hadde Perry forlate Giverny for å reisa gjennom Belgia og Nederland. Ho vende tilbake til Boston med familien i 1891[18] med eit måleri av Monet og ein serie landskap av John Breck.[11]

Tilbake i Boston

[endre | endre wikiteksten]
Lilla Cabot Perry in the Studio ca. 1890

Kunstnarkarrieren til Perry fekk ei ny retning etter at ho vende tilbake til Boston. Ho var ikkje nøgd med å berre måla i den nye stilen ho hadde utvikla i Europa. Ho var no inspirert til å skipa ei ny sanning i måleriet[b] i kunstmiljøet i Boston, som ikkje var mottakeleg for dei nye impresjonistiske stilane.[19] I 1890 hjelpte Perry til med å arrangera den fyrste offentlege utstillinga av John Breck sine landskapsmåleri ved St. Botolph Club.[11]

Perry vann ein sølvmedalje ved utstillinga til Massachusetts Charitable Mechanic Association i 1892.[5] I 1893 blei Perry vald ut til å representera Massachusetts ved World's Columbian Exposition i Chicago i Illinois. Perry stilte ut sju verk ved utstillinga,[20] fire av dei måleri som var blitt laga som friluftsmåleri (Petite Angèle, I, An Open Air Concert, Reflections, Child in a Window) og tre som var meir formelle studioportrett (Portrait of a Child, Child with a Violoncello, Portrait Study of a Child).

I 1894 oppnådde Perry ein ny suksess då dei impresjonistiske måleria hennar blei stilte ut i Boston ved St. Botolph Club i lag med verka til andre kunstnarar, som Edmund C. Tarbell (1862–1938), Philip Leslie Hale (1865–1931), Theodore Wendel (1859–1932), Frederick Porter Vinton (1846–1911) og Dawson Dawson-Watson (1864–1939). Utstillinga viste ikkje berre at verka til Perry nok blei aksepterte i USA, ho viste også at impresjonismen endeleg hadde byrja å bli akseptert som ei kunstform utanfor Europa. Dette året heldt ho også ei utstilling av Monet sine verk ved Boston Art Students Association.[21]

Mellom 1894 og 1897 fekk verka til Perry internasjonal omdøme. Ho stilte ikkje berre ut i Boston, men hadde også jamlege utstillingar ved Société Nationale des Beaux-Arts sin Salon de Champ de Mars på denne tida. I 1897 hadde ho ei ny utstilling ved St. Botolph Club, og Boston Evening Transcript skreiv om verka hennar: «Slike måleri må ein ta på alvor.»[c][22] Til skilnad frå dei tidlegare utstillingane hennar her hadde Perry no ei soloutstilling. Utstillinga viste breidda av Perry si artistiske utvikling til då, og omfatta impresjonistiske portrett og landskap.[11]

Lilla Cabot Perry, In a Japanese Garden, 1898-1901

I 1897 fekk ho ein heilt ny inspirasjon då ektemannen hennar blei tilsett som professor i engelsk ved Keio Gijuku-universitet i Japan. Lilla Perry møtte Okakura Kakuzō, ein av grunnleggjarane av den keisarlege kunstskulen i Japan.[23] Perry budde i Japan i tre år, og nytta fullt ut det unike kunstnarsamfunnet der.[24] I oktober 1898 stilte Perry ut verk i Tokyo, med hjelp frå Kakuzo,[18][24] og blei æresmedlem av Nippon Bijutsu-In kunstforeining. Perry sitt møte med den asiatiske kunstfverda hadde stor innverknad på verket hennar, og gjorde det mogleg for henne å utvikla ein unik stil som sameinte vestlege og austlege estetiske tradisjonar. Hennar Meditation, Child in a Kimono og Young Girl with an Orange illustrerer tydeleg dei distinkte endringae som fann stad i verka til Perry under tida hennar i Japan. Til skilnad frå tidlegare verk nytta begge desse komposisjonane tydeleg austlege motiv og viste ein sterk påverknad frå dei klare linjene i japanske tresnitt. Resultatet av denne blandinga av aust og vest er slåande, med impresjonistiske portrett som går saumlaust i eitt med velorganiserte, balanserte komposisjonar som den austlege kunstverda var kjend for på denne tida.[24] Perry måla Fuji-fjellet i 35 eller fleire måleri.[24] Totalt laga ho meir enn 80 måleri medan ho var i Japan.[5]

Boston og Paris

[endre | endre wikiteksten]

I 1901 hadde Perry vendt tilbake til Boston til familieheimen i Marlborough Street.[5] To år seinare kjøpte dei eit gardshus i Hancock i New Hampshire til å ha som sommarhus.[5] Det var medan ho var i Hancock at Perry fekk ideen til Boy Fishing (1929), som avbilda ein lokal gardsgut (identifisert som Robert Eaton Richardson, Sr.), og som no er eit måleri i White House Art Collection. I 1904 vann måleriet hennar Portrait of Mrs. Joseph Clark Grew [Alice Perry] ein bronsemedalje ved den prestisjetunge utstillinga International Louisiana Purchase Exhibition i St. Louis.[5] Dei neste åra blei derimot vanskelege for Perry personleg. I 1905 vendte ho tilbake til Frankrike, og vinteren det året hadde helsa hennar brote saman. Stadige flyttingar, tap gjennom investeringar som ikkje løna seg[11] og enden på det meste av arven frå faren gjorde at Perry stadig måtte måla portrett for å støtta familien, noko som også sleit på helsa hennar.[11][18]

Lady with a Bowl of Violets, 1910

I 1908 flytta Perry permanent tilbake til Boston, but focused on portraits because they were more marketable than her landscapes. Ho vann tilbake helsa si, og fekk seks måleri stilte ut i Paris ved Salon des Indépendents, mellom anna Dans un Bateau og Le Paravent Jaune i 1908. I november 1909 vende Perry tilbake til USA med nyvunnen inspirasjon for arbeidet sitt. Året etter demonstrerte ho ein ny entusiasme for kunsten sin ved å skapa eit uvanleg urbant utsynsverk, The State House, Boston (1910).[11] I 1914 var ho med på å skipa The Guild of Boston Artists.[5] I 1915 hadde Perry vunne ein ny bronsemedalje ved Panama–Pacific International Exposition i San Francisco i California[5] for portrettet sitt av Hildegarde, ei dotter av ein ven.[25] I 1916 måla ho eit portrett av Edwin Arlington Robinson, som skreiv ein biografi av ektemannen hennar i The Dictionary of American Biography. Robinson vitja ofte Perry-paret ved huset deira i Hancock i New Hampshire.[1]

Gjennom heile kunstnarkarrieren sin var Perry djupt engasjert i lokale kunstnarsamfunn, uansett kva by ho budde i, og var ein aktiv talsperson for den impresjonistiske stilen. Engasjementet hennar tapte seg ikkje med tida. I 1913 bidrog ho til å skipa det ultrakonservative Guild of Boston Artists for å veerka mot avantgarde-trendane i kunstverda. Perry var misnøgd med framveksten av «moderne kunst». I 1920 tok Perry imot eit heidersbevis for å ha bidrege lojalt til laget i seks år.[11]

I 1922 hadde Perry si fyrste soloutstilling i New York, som omfatta landskapa hennar frå Japan og Giverny. Ei melding i New York Morning Telegrapher kalla henne «ei av dei mest spennande utstillingane gjeven av ei kvinne i denne byen på fleire år.»[d]

Dei siste åra

[endre | endre wikiteksten]
A Snowy Monday, 1926 (The Cooperage, Hancock, New Hampshire)

I 1923 gav Perry ut si fyrste diktsamling, The Jar of Dreams. Ho omfatta ei dikt som uttrykte korleis ho sette pris på Japan og New England:[26]

The sun breaks forth and now my plum tree smiles,
Charming its feathery burden into dew,
That all its flowers may drink a health to Spring!
For February in Japan beguiles
Even my homesick heart from thoughts of you,
New England, still icebound and blustering.[27]

Same året blei ho kritisk sjuk av difteri, samstundes som dottera hennar Edith hadde eit fullstendig nervøst samanbrot og blei send til eit privat mentalsjukehus i Wellesley. Perry brukt dei neste to åra til å koma seg att i Charleston i Sør-Carolina. I denne perioden fann ho ny inspirasjon for landskapstemaa sine, og laga verk som Road from Charleston to Savannah og A Field, Late Afternoon, Charleston, South Carolina. Det var også medan ho var i Charleston at Perry fant fram til eit nytt tema for landskapa sine, vinterlandskap ho omtalte som «snowscapes».[11] To døme på desse er A Snowy Monday (1926) og After First Snow (1926).[11]

I februar 1927 blei det halde ei utstilling ved Gordon Dunthorne Gallery. Ho gav ut «Reminiscences of Claude Monet from 1889 to 1909» i Magazine of Art i 1927.[5] Året etter, den 7. mai 1928, døydde Thomas Sergeant Perry etter å ha vore sjuk med lungebetennelse.[28] Etter ein viss sørgeperiode tillet Perry igjen Guild of Boston Artists å stilla ut verka sine i 1929, og igjen i 1931.[11][29] Fleire av landskapa hennar blei synte fram, mellom anna Autumn Leaves (1926), Lakeside Reflections (1929–1931) og Snow, Ice, Mist (1929).[11]

Perry måla vinterscenar som spegla ein abstrakt påverknade ved feriebustaden sin i Hancock i New Hampshire. Mist on the Mountain (1931) var det siste landskapsmåleriet ho stilte ut. Ho heldt fram med å måla til ho døydde.[5]

Lilla Cabot Perry døydde 28. februar 1933. Oska hennar og den til ektemannen er gravlagd ved Pine Ridge Cemetery i Hancock i New Hampshire.[5]

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]
The Black Hat, 1914

Hirschl and Adler Galleries heldt ei retrospektiv utstilling av verka hennar i 1969, og Boston Athenæum stilte ut verka hennar i mars 1982.[5] Samansmeltinga hennar av austleg og vestleg estetikk og dei kjenslevare bilde hennar av den feminine og naturlege verda tilførte viktige stilistiske bidrag til både den amerikanske og den franske impresjonistiske rørsla.[30]

Den sterke støtta hennar for impresjonismen gjorde det mogleg for andre amerikanske impresjonistar som Mary Cassatt å oppnå aksept og utbreiing i USA. Ho hjelpte dei amerikanske karrierane til dei nære vennane sine Claude Monet og John Breck ved å førelesa om evnene deira og visa fram verk av dei i heimlandet. Ho arbeidde også tett med Camille Pissarro for å hjelpa han ut av vanskelege økonomiske høve ved å selja verk av han til venner og familie i USA.[31]

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]
Verk Bilete Dato Eigar
Portrait of an Infant (Margaret Perry) 1877–1878 privat eige
The Beginner (Margaret with a violin) 1885 University of Arizona Museum of Art, Tucson, Arizona[32]
La Petite Angele, II 1889 Hirschl & Adler Galleries, Inc.[33]
Margaret with a Bonnet (Margaret Perry) 1890 privat eige
Open Air Concert 1890 Museum of Fine Arts, Boston[34][35]
Self-portrait 1889-1896 Terra Foundation for American Art, Chicago, Illinois[36][37]
A Stream Beneath Poplars c. 1890-1900 Hunter Museum of American Art, Chattanooga, Tennessee[38][39]
Angela 1891 High Museum of Art, Atlanta, Georgia[40]
Self Portrait 1892 Hirschl & Adler Galleries, Inc.[41]
Portrait of the Baroness von R. 1895 Boston Harbor Hotel, Massachusetts
Haystacks, Giverny 1896 privat eige
Portrait of Elsa Tudor 1898 National Museum of Women in the Arts, Washington, D.C.
Mount Fuji with Gravestones 1898–1901 Fogg Art Museum, Harvard University, Cambridge, Massachusetts.[42]
The Trio (Alice, Edith, and Margaret Perry) 1898–1900 Fogg Art Museum, Harvard University, Cambridge, Massachusetts[43]
A Cup of Tea seint 1800- til tidleg 1900-tal Los Angeles County Museum of Art, California[44]
En barque sur l'Epte à Giverny før 1900 Musée Alphonse-Georges-Poulain, Vernon, Eure[45]
Lady in Black 1905 Smithsonian American Art Museum, Washington, D.C.[46]
The White Bed Jacket 1905 Hirschl and Adler Galleries, New York
By the Brook, Giverny, France 1909 Terra Foundation for American Art, Chicago, Illinois[36]
Lady with a Bowl of Violets 1910 National Museum of Women in the Arts[47]
Lady in an Evening Dress (Renee) 1911 National Museum of Women in the Arts, Washington, D.C.[48]
Portrait of William Dean Howells 1912 Colby College, Waterville, Maine
The Black Hat 1914 Currier Museum of Art, Manchester, New Hampshire[49]
Portrait of Edwin Arlington Robinson 1916 Colby College, Waterville, Maine.[1]
A Snowy Monday 1926 The Cooperage, Hancock, New Hampshire, 1926[11]
Boy Fishing 1929 White House, Washington, D.C.[50]
Autumn Afternoon, Giverny utan dato Terra Foundation for American Art, Chicago, Illinois[36]
The Cellist utan dato Privat eige
The Pink Rose utan dato Privat eige
Reading utan dato
At the window utan dato Privat eige
Poesi
Omsett frå gresk til engelsk
  • From the Garden of Hellas (1891)[51]
  1. "elegant interiors featuring genteel ladies lost in their reveries"
  2. "foster a new truth in painting"
  3. "Such paintings must be taken seriously."
  4. "one of the most exciting exhibition given by a woman in this city in years."
  1. 1,0 1,1 1,2 «Lilla Cabot Perry». Gardiner Public Library. Henta 11. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 178. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  3. 3,0 3,1 3,2 American Women Artists 1830-1930. Washington, D.C.: The National Museum of Women in the Arts. 1987. s. 50. ISBN 0-940979-02-0. 
  4. A Cyclopedia of American Medical Biography: Comprising the Lives of Eminent Deceased Physicians and Surgeons from 1610 to 1910. W.B. Saunders Company. 1920. s. 188–189. Henta July 30, 2011. 
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 Noah Sheloa (September 2012). «Lilla Cabot Perry». Boston Athenæum. Arkivert frå originalen 27. januar 2021. Henta October 11, 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Dr. Cabot's Will Files (Dr. Arthur T. Cabot)». Boston Evening Transcript. November 11, 1912. Henta October 11, 2014. 
  7. Thomas D. Cabot (1996). «A Short History of Cabot Corporation». I Elkan Blout. The Power of Boldness. s. 135. ISBN 0-309-05445-1. 
  8. Biographical History of Massachusetts: Biographies and Autobiographies of the Leading Men in the State, Volume II. Massachusetts Biographical Society. 1913. Henta July 28, 2011. 
  9. «The History of Cabot Corporation». Cabot Corporation. Henta July 26, 2011. 
  10. Richard Cary (March 1, 1963). «Lowell to Cabot». Colby Quarterly 6 (5). Henta October 11, 2014. 
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 11,11 11,12 11,13 11,14 11,15 11,16 11,17 11,18 11,19 Meredith Martindale; Nancy Mowll Mathews; Pamela Moffat (1990). Lilla Cabot Perry: An American Impressionist. Washington, D.C.: National Museum of Women in the Arts. ISBN 978-0940979-14-7. 
  12. American Women Artists 1830-1930. Washington, D.C.: The National Museum of Women in the Arts. 1987. s. 50. ISBN 0-940979-02-0. 
  13. Society of American Artists (1896). Annual Exhibition. s. 14. 
  14. American Women Artists 1830-1930. Washington, D.C.: The National Museum of Women in the Arts. 1987. s. 50. ISBN 0-940979-02-0. 
  15. Sandra L. Singer (2003). Adventures Abroad: North American Women at German-speaking Universities, 1868-1915. Greenwood Publishing Group. s. 167. ISBN 978-0-313-32371-3. 
  16. Mark Rennella (1 April 2008). The Boston Cosmopolitans: International Travel and American Arts and Letters. Palgrave Macmillan. s. 116. ISBN 978-0-230-61121-4. 
  17. Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 178–179. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 179. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  19. Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 179. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  20. Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 179. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  21. Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 179. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  22. Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 179. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  23. Carol Kort; Liz Sonneborn (January 1, 2002). A to Z of American Women in the Visual Arts. Infobase Publishing. s. 179. ISBN 978-1-4381-0791-2. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 «Lilla Cabot Perry». The National Museum of Women in the Arts. Arkivert frå originalen 7. februar 2012. Henta 14. desember 2022. 
  25. «Hildegarde (c. 1912)». Smithsonian National Portrait Gallery. Henta October 11, 2014. 
  26. Mark Rennella (1 April 2008). The Boston Cosmopolitans: International Travel and American Arts and Letters. Palgrave Macmillan. s. 117. ISBN 978-0-230-61121-4. 
  27. Mark Rennella (1 April 2008). The Boston Cosmopolitans: International Travel and American Arts and Letters. Palgrave Macmillan. s. 117. ISBN 978-0-230-61121-4. 
  28. Eric L. Haralson; Kendall Johnson (2009). Critical Companion to Henry James: A Literary Reference to His Life and Work. Infobase Publishing. s. 429. ISBN 978-1-4381-1727-0. 
  29. Harvard Art Museum (23 September 2008). American Paintings at Harvard: Paintings, watercolors, pastels, and stained glass by artists born between 1826 and 1856. Harvard Art Museum. s. 268. 
  30. Mark Rennella (1 April 2008). The Boston Cosmopolitans: International Travel and American Arts and Letters. Palgrave Macmillan. s. 3. ISBN 978-0-230-61121-4. 
  31. Beyond Cassatt: Another Woman Impressionist." Americana 18, no. 5 (1990): 65.
  32. «Margaret with Violin». Smithsonian Institution Research Information System. Henta October 10, 2014. 
  33. «Little Angel». California State University. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 10. oktober 2014. 
  34. «Open Air Concert». Smithsonian Institution Research Information System. Henta October 10, 2014. 
  35. «Open Air Concert, Lilla Cabot Perry». Museum of Fine Arts, Boston. Henta October 10, 2014. 
  36. 36,0 36,1 36,2 «Lilla Cabot Perry». Terra Foundation for American Art. Arkivert frå originalen October 16, 2014. Henta October 10, 2014. 
  37. «Self-portrait (Lilla Cabot Perry)». National Portrait Gallery. Henta October 10, 2014. 
  38. «A Stream Beneath Poplars». Smithsonian Institution. Henta October 10, 2014. 
  39. «Search: Lilla Cabot Perry». A Stream Beneath Poplars. Hunter Museum. Arkivert frå originalen October 18, 2014. Henta October 13, 2014. 
  40. «Angela». High Museum of Art. Arkivert frå originalen October 18, 2014. Henta October 13, 2014. 
  41. «Self-portrait (Lilla Cabot Perry)». National Portrait Gallery. Henta October 10, 2014. 
  42. «Mount Fuji with Gravestones». Smithsonian Institution Research Information System. Henta October 10, 2014. 
  43. «The Trio, Tokyo, Japan». Smithsonian Institution Research Information System. Henta October 10, 2014. 
  44. Lilla Cabot Perry. Arkivert 2012-02-25 ved Wayback Machine. The Los Angeles County Art Museum.
  45. «En barque sur l'Epte à Giverny». Joconde, base Pop. Henta May 29, 2022. 
  46. «Lady in Black». Smithsonian Institution. Henta October 10, 2014. 
  47. «Lady with a Bowl of Violets». Smithsonian Institution Research Information System. Henta October 10, 2014. 
  48. «Lady in an Evening Dress (Renee), National Museum of Women in the Arts». Smithsonian Institution Research Information System. Henta October 10, 2014. 
  49. «The Black Hat». Currier and Ives. Henta October 10, 2014. 
  50. «Boy Fishing, White House». Smithsonian Institution Research Information System. Henta October 10, 2014. 
  51. From the Garden of Hellas. Google Books.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lilla Cabot Perry
  • Deborah L. Owen. "Lilla Cabot Perry and the Workspace of Female Artistry." ATQ 7, no. 4 (1993): 357.
  • Lisa Ward. Lilla Cabot Perry: Exhibition, October 12 through November 30, 1984. Chicago: Mongerson, 1984.