Light + Shade
Light + Shade Studioalbum av Mike Oldfield | ||
Utgjeve | 26. september 2005 | |
Innspelt | 2004–2005 i Buckinghamshire | |
Sjanger | Instrumental pop New-age Electronica | |
Lengd | 1:22:01 | |
Selskap | Mercury | |
Produsent | Mike Oldfield | |
Mike Oldfield-kronologi | ||
---|---|---|
Tubular Bells 2003 (2003) |
Light + Shade | Music of the Spheres (2008)
|
Singlar frå Light + Shade | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Laut.de | [1] |
Light + Shade er det 22. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, utgjeve som eit dobbeltalbum den 26. september 2005. Det var det første albumet til Oldfield på Mercury Records. Noko av musikken på denne plata var opphavleg blitt nytta, i alternative miksar, i musikken til virtuell røyndom-spel, Tres Lunas og Maestro.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Albumet består av musikk i to forskjellige stemningar. Dei første ni spora er oppførte som «Light» og består av lysare og rolegare stykke, medan den andre halvdelen er kalla «Shade» og har ei mørkare kjensle. Mange av spora på albumet er nye miksar og/eller lengre versjonar av musikk frå videospelet Tres Lunas.
På den offisielle nettsida til Oldfield står det oppført at det òg vart laga ein 5.1-kringlyd miks av albumet, men denne er så langt ikkje kome ut. Fire spor frå Light + Shade vart gjort tilgjengeleg i U-MYX-formatet slik at fansen kunne mikse spora sjølve.
Spora «First Steps» og «Ringscape» var arrangerte av Robyn Smith. Christopher von Deylen gjestar på «Nightshade». Oldfield betalte for tenesta med å spele gitar på «Morgentau» for Deylen-bandet Schiller.
Sporet «Blackbird» er kalla opp etter ein av motorsyklane til Oldfield, ein Honda CBR1100XX Blackbird.[2]
Sporet «Romance» er ein techno-versjon av eit fragment av eit klassisk gitarstykke frå 1800-talet med same namn.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Light
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Angelique» | 4:40 |
2. | «Blackbird» | 4:39 |
3. | «The Gate» | 4:14 |
4. | «First Steps» | 10:02 |
5. | «Closer» | 2:51 |
6. | «Our Father» | 6:50 |
7. | «Rocky» | 3:19 |
8. | «Sunset» | 4:47 |
9. | «Près de Toi» (bonusspor) | 3:57 |
Shade
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Quicksilver» | 5:55 |
2. | «Resolution» | 4:33 |
3. | «Slipstream» | 5:15 |
4. | «Surfing» | 5:36 |
5. | «Tears of an Angel» | 5:38 |
6. | «Romance» | 4:00 |
7. | «Ringscape» | 4:22 |
8. | «Nightshade» | 5:11 |
9. | «Lakme (Fruity Loops)» (bonusspor) | 5:10 |
10. | «Cook's Tune» (bonusspor) | 4:55 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Light + Shade» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.laut.de/Mike-Oldfield/Alben/Light-Shade-10134
- ↑ «One Track a Day». Tubular.net/Fanny Oldfield. Arkivert frå originalen 16. mars 2010. Henta 5. juli 2020.