Liese Prokop
Liese Prokop | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 27. mars 1941 Wien |
Død |
31. desember 2006 (65 år) |
Yrke | politikar, friidrettsutøvar, femkjemper, minister |
Språk | tysk |
Politisk parti | Österreichische Volkspartei |
Religion | katolisisme |
Liese Prokop på Commons |
Liese Prokop (27. mars 1941–31. desember 2006), fødd Liese Sykora, var ein austerriksk konservativ politikar og friidrettsutøvar. Frå 2004 til ho døydde var ho innanriksminister i Austerrike. I unge år vann ho EM-gull og OL-sølv i mangekamp. Idrettsleiaren Gunnar Prokop var ektemaken hennar frå 1965.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Idrett
[endre | endre wikiteksten]Prokop vart nummer to i femkampen under dei olympiske leikane i Mexico-byen i 1968, med ein margin på sju poeng til bronsevinnaren, Annamária Tóth frå Ungarn. Olympiameisteren Ingrid Becker frå Vest-Tyskland var i ei klasse for seg sjølv. I 1969-sesongen sette Prokop verdsrekord med 5 352 poeng og var favoritt til EM i friidrett 1969 i Aten. Ho innfridde og vann ein soleklar siger framom sveitsiske Meta Antenen, 5030 poeng mot 4793.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Prokop slutta som aktiv idrettsutøvar og vart i november 1969, berre to månader etter ho vann EM-gull, vald inn i det austerrikske parlamentet som representant for forbundslandet Niederösterreich for det konservative partiet Österreichische Volkspartei. Ho var minister i forbundslandsregjeringa frå 1981, med ansvar for sports- og familiepolitikk. Frå 1992 var ho viseguvernør i forbundslandet.
Etter at Ernst Strasser overraskande gjekk av som innanriksminister i Austerrike, vart Liese Prokop den 22. desember 2004 utnemnd til ny innanriksminister. Ho førte ein streng såkalla «lov og orden»-politikk, og vart kritisert for si haldning til rasisme og for menneskerettsbrot i hennar eige ansvarsområde, som til dømes då fire polititenestemenn mishandla gambiaren «Bakary J.». Asyl- og innvandringslovgjevinga vart skjerpa den tida ho var innanriksministar.
Prokop var mor til handballspelaren Karin Prokop, syster til friidrettsutøvaren Maria Sykora og tante til alpinisten Thomas Sykora.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Liese Prokop» frå Wikipedia på tysk, den 21. juli 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1941
- Døde i 2006
- Austerrikske politikarar
- Austerrikske mangekjemparar
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike
- Austerrikske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1968
- Austerrikske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968
- Austerrikske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972