Leonhard Næss
Leonhard Næss (1872–1874) var ein norsk prest og målmann.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Familie og oppvekst
[endre | endre wikiteksten]Sigholt Didrik Leonhard Næss blei fødd 20. oktober 1855 i Beiarn. Foreldra var gardbrukar og mangeårig ordførar i Beiarn, Lars Hansen Næss (1820-1894)[1] og Karen Margrete (fødd Steen) (1820-1883)[2] frå Tollå. [3]
Leonhard Næss hadde fem søsken som vaks opp.[4]
Næss blei konfirmert i 1870, og 14. juli 1886 blei han gift med Elise Amble (1852-1942) som var fødd på gården Vevelstad.
Far hennes var sakførar Ole Amble (1820-1909), han var fødd i Drammen. I 1848 kjøpte han bnr 12/1 Vevelstad. I 1876 blei Amble fogd (fut) i Søndre Helgeland, og han selte då garden på Vevelstad til svigersonen Johan Jørgensen (som seinare tok namnet Falch). Amble flytta til fogde-(fute-)garden Søvik bnr 8/1 i Alstahaug.
Mora til Elise var Ida Thomine Fredrikke (f. Hansen) (1827-1903), ho var fødd i Kristiania. Ho var dotter til sorenskrivar Frederik Christian Hansen (1799-1864) og Albine Elise Fougner (1801-1846).
Leonhard og Elise hadde fem born:[5]
- Eva (1887-1964)
- Tordis (1888-1928)[6]
- Olaug (1890-1983)
- Rannveig (1893-1918)
- Leif (1896-1974)
Arbeidsår i Nordland
[endre | endre wikiteksten]Same året som Næs blei konfirmert, kom han i huset til sokneprest Gustav Janke på Dokmo i Beiarn,[7] og her las han i to år.
I 1872 kom Næs inn på Tromsø Seminarium, og her gjekk han ut i 1874. Frå 1874 til 1875 var Næss vikarierande lærar og kyrkjesongar i Vik på Helgeland, mens Sivert Nielsen var på Stortinget. Deretter var han huslærar hos sokneprest Gustav Janke i Beiarn frå 1875 til 1877.[7]
Studieår 1877-78 og 1880-85.
[endre | endre wikiteksten]I 1877 var Næss elev ved Maribogatens latin- og realskole i Kristiania, og i 1878 tok han mellomskoleeksamen.
Sommaren 1878 var Næss huslærar hos lensmann Hågen Olsen i Gildeskål, og frå hausten 1878 til utgangen av skoleåret 1879-80 var han lærar og styrar av Sandnessjøens privatskole. Det var her han blei kjent med Elise Amble, som var dotter til sorenskrivar Ole Amble.
Skoleåret 1880-81 var Næss elev ved Arnebergs artiumskursus i Kristiania, og han tok examen artium i 1881.
Næss tok examen philosophicum i 1882 og teologisk embetseksamen i desember 1885.
Lærarår 1886-1891
[endre | endre wikiteksten]Frå nyttår 1886 til utgangen av skoleåret var Næss lærar i norsk ved Den Nye middelskole for Piker i Kristiania, og i 1886-87 var han vikarierande tredjelærar ved Asker seminar.
Frå 1887-88 var Næss i Beiarn, her førebudde hans eg til examen practicum, som han tok våren 1888.
Frå 1888 til 1891 var Næss styrar ved Nordhordlands fylkesskole på Os ved Bergen.
Presteår 1891-1927
[endre | endre wikiteksten]15. juli 1891 blei Næss utnemnt til sokneprest i Bjarkø Prestegjæld.[8] Og 4. oktober 1891 heldt han si første preike i Bjarkøy kyrkje.[9]
Næss blei i februar 1899 utnemnt til prest i Norddalen, 7. mai 1899 heldt han si siste preike i Bjarkøy, og 9. mai 1899 flytta han frå Bjarkøy.[10] Næss var prest i Norddalen frå 1899 til 1905.
2. november 1904 blei Næss utnemnt til residerande kapellan i Elverum, der han var frå 1905 til 1909.[11]
Frå 1909 til 1927 var Næss sokneprest i Vågå.[12]
Næss gjekk av som prest i 1927, deretter budde han i Oslo.
I aprildagane 1940 var Næss evakuert nordover, og i april 1940 døydde han i Ringebu der han blei gravlagt. Hausten 1940 blei kista flytta til Vågå der ho blei sett ned.
Presten
[endre | endre wikiteksten]Lansdmålspresten
[endre | endre wikiteksten]12.desember 1896 kunne Den 17de Mai melde at Leonhard Næss var mellom dei prestane som brukte landsmål (nynorsk) i preikene sine. Anton Aure (1924) omtalar Leonhard Næss som ein av fleire prestar som nytta nynorsk. Næss var den første presten som nytta nynorsk i Norddal:
- Han hev halde stemnegudstenestor paa nynorsk i Ørskog paa Sunnmøre sumaren 1902 og paa Vaaga 1910 og 1913. (…) Til den nynorske bibelen hev han sett um Jeremia syrgjesonger og Ezekiel. I manuskript hev han tvo bøker um teologiske emne og eit bibelsk drama: Akab og Elija. Han hev også dikta salmar paa norsk.[13]
Presten
[endre | endre wikiteksten]På 70-årsdagen fekk Næss dette skussmålet i Den 17de Mai som prest:
- Som prest har Næss alltid forkynt ein ljos og fredsæl kristendom. Det hende nok, serleg i yngre aar, at han kom i strid med sers myrke og trongsynte pietistar. Men uvener har han visst aldri havt, og sjølv kan han ikkje bera illvilje eller agg aat nokon.[14]
Ved valet av ny biskop i Nord-Hålogaland i 1918, blei Leonhard Næss føreslått.[15] Men Næss svarte at han var for gammal for dette, og han føreslo ein annan kandidat.[16]
Ungdoms- og målrørsla
[endre | endre wikiteksten]I sine unge år var Leonhard Næss ingen målmann. Han fortel om eit diskusjonsmøte på lærarskolen i 1873 der "beiarværingen" latterleggjorde målstrevet. "Sidan, 10 år etter, då eg sjølv hadde huglagt målet, skyna eg det, min bror: Eg hadde ved min uvituge freistnad på spott rive i hjarterøtene dine."[17]
Då Næss tok til å studere i Oslo, var alt Den Nordlandske Forening i sving. Her var han bl.a. redaktør 1885 i bladet Nordlands Trompet som laget gav ut.[18] Næss var med på eit «ungdomsopprør» her i 1886. Han var formann i utbrytarlaget som tok namnet Fembøringen, og det vart ikkje før i 1892 at dei to laga gjekk saman i eit nytt lag, Nordlændingernes Forening. Då hadde Næss flytta nordover til Bjarkøy.[19]
I dei åra Næss var sokneprest i Bjarkøy, var han «eld og glo i alt det frilynte og nasjonale,» som Hans Eidnes skreiv i eit minneord i 1940. Næss var også «sjæla og optaket i Bjarkøy ungdomslag som vart skipa i 1896».[20] Næss brukte også landsmålssalmane til Elias Blix i Bjarkøy-kyrkja.[20]
- Ungdomsrørsla har han vore uppglødd for, og i Norddalen hadde han eit utifraa godt ungdomslag som hadde møta sine paa prestegaarden; heimen hans var som ein folkehøgskule for bygdeungdomen.[21]
Næss var med på å skipe det første ungdomslaget i Norddalen, Ul "Dag" i 1899, men då han forlèt i 1899 stoppa laget opp. Mens Leonhard Næss var prest i Norddalen, kom han også med i styret i Møre og Rauma maallag.[22]
I Elverum kom Næss også med i ungdomslagsrørsla, og han var bl.a. formann i Hernes ungdomslag.[23]
Næss blei også nytta mykje som stemnetalar på ungdomslagsstemne.
«Han har stødt vore vinstremann, og serleg medan han var i Bjarkøy, var han sterkt med i politikken.»[24]
Forfattarskap
[endre | endre wikiteksten]Då målbladet Den 17de Mai tok til å komme ut i 1894, var Næss mellom dei som stødde bladet. Han var også flittig skrivar i bladet, både med dikt og ymse forteljingar. Næss skreiv også i Norsk Barneblad og Symra – Blad for ungdomen.
I 1893 hadde Næss eit lesestykke i Garborg og Mortensens lesebok.
I 1904 skreiv Næss boka Gamle Torbjørn som blei trykt i Den 17de Mai.
I 1907 skreiv Næss ei bok om Verdsens ende og tusundaarsrike.
Leonhard Næss var blant dei første som i 1891 tok til å omsetje delar av Det gamle testamentet til landsmål. Og på oppmoding frå Studentmållaget omsette Næss i 1917 til landsmål Jeremia, Syrgjesongar og Ezekiel, som kom i den første Bibelen på landsmål.[25] [26]
Då Nynorsk salmebok skulle reviderast i 1925-25, blei Næss vald inn i komitéen som stod for denne revisjonen.[27]
Leonhard Næss skreiv også salmar, og to av salmane hans var med i Nynorsk salmebok (1929): Nr 311. "Du Gud, som bur i ljosens salar.", nr 401 "Du Herre, skal vera hyrding min", og nr 475: "Å segja verdi rett farvel".[28]
Næss har også omsett fleire tekstar frå norrønt.
Næss var også interessert i lokalhistorie, og då Hålogaland historielag blei skipa i 1920, var han mellom dei som underskreiv eit opprop om å skipe laget, og han leverte også artiklar til dei første årgangane. Næss var ein ivrig folkeminnesamlar, og han skreiv fleire stykke frå Beiarn i Håløygminne.
Næss skreiv i 1885 eit dikt på beiarmål, ""Snérren", ei Sejarsaag utor Bejaren."[29] Han samla også fleire songar frå heimbygda.
Næss skreiv også lokalhistoriske artiklar frå Vågå, og han meldte ei rekke bøker i avisene. Han deltok også i ordskifte i avisene.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]Lengre tekstar
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Maaltavla, (8 sider), Mons Litleré, Bergen 1891
- Gamle Torbjørn, Forteljing, Utklipp og serprent av Den 17de Mai, (158 sider), Kristiania 1904
- Verdsens ende og tusundaarsrike, (158 sider), Norli, Kristiania, 1907
- Lilja, (31 sider), omsett av Leonhard Næss, i: Olaf Hanssen (red.): Norrøne kristenkvæde, Oslo 1928.
Artiklar i Håløygminne:[30]
[endre | endre wikiteksten]- Sumt om eit dalafolk, Håløygminne 1920-24,
- Brigde i namneskikk, Håløygminne nr 3-4, 1921 (1920-24)
- I kveldsæta, Håløygminne nr 4, 1922 (1920-24)
- Han Grotaa-Jo, Håløygminne nr 11, 1922 (1920-24)
- Tri folkeslag, Håløygminne nr 36, 1932 Norske stadnamn, Håløygminne nr 44, 1934
- Gildeskål, Håløygminne nr 63, 1938
Salmar i Nynorsk Salmebok
[endre | endre wikiteksten]- 311. "Du Gud, som bur i ljosens salar."
- 401 "Du Herre, skal vera hyrding min"
- 475: "Å segja verdi rett farvel".
Artiklar i Syn og Segn:
[endre | endre wikiteksten]- Tvo preikor frå gamalnorsk, Syn og Segn 1930
Salmar og songar på landsmål:
[endre | endre wikiteksten]- Jolesong , Norsk Barneblad nr. 18, 1896
- Julesalme (dansk-norsk), Tromsø Stiftstidende, Tromsø, 24de December 1897
- Jesu atterkoma, Den 17de Mai, 6. April 1898
- Aa seia verdi rett farvel, Den 17de Mai, 2. Mai 1898
- Ei helsing til den frilynde ungdomen fraa Leonhard Næss, Agder, Flekkefjord , torsdag 7. juli 1904
- Tusundaarsrike, Den 17de Mai, 20. November 1899
- Kor Norig løner skaldane sine, Sogns Tidende, 6te Juli 1904
- Jolesong, Dagbladet, fredag 23. December 1904
- Joledag, Dagbladet, torsdag 24. December 1908
- I sut for verdsens god og gull, Den 17de Mai, 21. september 1916
- Kyrkja ho er eit gamalt hus, Den 17de Mai, 4. april 1919
- Fridom betre er enn gull, Den 17de Mai, 16. april 1919
- Olavskvæde, Gudbrandsdølen 21. juli 1921
- Hjelp Austheimsønene, Austland 1. februar 1923
- So lagde du ned din ferdastav, Gudbrandsdølen 5. januar 1925
- Evang. Mark. 10, 17-27 (Det var den rike guten), Gudbrandsdølen, 10. oktober 1925
- Bibelsalme 118 (Pris Herren! Berre han er god); Den 17de Mai, 30. desember 1932
Artiklar:
[endre | endre wikiteksten]- Olavslegendor, Den 17de Mai, 29. august 1931 (og fleire nr)
Andre tekstar:
[endre | endre wikiteksten]- Sogespelet Akab og Elija, i Norsk jol, 1932
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ministerialbok for Beiarn prestegjeld, Beiarn sokn 1887-1901 (1839P) [1]
- ↑ Ministerialbok for Beiarn prestegjeld 1872-1886 (1839P)[2]
- ↑ Folketelling 1865 for 1839P Beiarn prestegjeld [3]
- ↑ M.B. Hansen m.fl.: Slektsbok for Beiarn (1979), side 294 [4]
- ↑ Folketelling 1900 for 1524 Norddal herred [5]
- ↑ Den 17de mai, torsdag 31. august 1911[6]
- ↑ 7,0 7,1 Folketelling 1875 for 1839P Beiarn prestegjeld [7]
- ↑ Morgenbladet, onsdag 15. juli 1891 [8]
- ↑ SATØ, Sand/Bjarkøy sokneprestkontor, I/Ia/Iaa/L0003kirke: Ministerialbok nr. 3, 1878-1892, s. 235, [9]
- ↑ Den 17de mai, onsdag 31. mai 1899 [10]
- ↑ S.H. Finne-Grøn: Elverum, en bygdebeskrivelse, side 132. Kristiania 1921 [11]
- ↑ Anders Skrede: Vågåkyrkja og Vågåkyrkjegarden, Vågå historielag, 1964, side 37 [12]
- ↑ Anton Aure: Prestar som talar nynorsk : stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja, Risør 1924, side 60
- ↑ Den 17de Mai 19. oktober 1925
- ↑ Den 17de Mai, 7.mai 1918
- ↑ Den 17de Mai, 16. mai 1918
- ↑ Arthur Brox (skriftstyrar): Mållaget "Heimhug" Troms lærarskule, 1898-1923. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Troms 1923. side 22-27.
- ↑ Norske tidsskrifter : bibliografi over periodiske skrifter i Norge inntil 1920, Oslo, 1940, side 138, [13]
- ↑ Nils A. Ytreberg: Vær hilset! : Nordlændingernes forening, 1862-1962, Oslo 1962, side 33-38.
- ↑ 20,0 20,1 Haalogaland, 2. november 1925
- ↑ Den 17de Mai 19. oktober 1925
- ↑ Den 17de Mai, laurdag 3. mars 1900 [14]
- ↑ Breidablikk, Elverom, torsdag 4. februar 1909 [15]
- ↑ Den 17de Mai 19. oktober 1925
- ↑ Anton Aure: Prestar som talar nynorsk : stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja, Risør 1924, side 60, [16]
- ↑ Næss' bibeltekstar kan du finne her: [17]
- ↑ Utgreiinga blei trykt i Syn og Segn 1926, side 162ff [18]
- ↑ Nynorsk salmebok : for kyrkja og heim og møte, Bjørgvin 1925 [19]
- ↑ Fedraheimen, onsdag 22. april 1885[20]
- ↑ Nettstaden til Håløygminne: Leonhard Næss [21]