Leif Lund
Leif Lund | |||
Fødd | 24. september 1942 | ||
---|---|---|---|
Død | 30. mai 2004 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Leif Lund (24. september 1942–30. mai 2004) var ein arbeidar og politikar frå Bergen, som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1993 til 2004.
Lund arbeidde på Hæggernes Valsemølle frå 1958 til 1987. Deretter var han transportformann for Stormøllen i Vaksdal.
Perioden 1991-95 var Lund medlem av bystyret i Bergen. Han møtte på Stortinget for Hordaland valperioden 1993-97 som 1. vararepresentant for Arbeidarpartiet, i staden for Grete Knudsen som heile fireårsperioden hadde statsrådpost. Frå 1997 til han døydde hadde Lund fast sete på Stortinget. Han var medlem av Kommunalkomiteen frå 1993 til 2001, sidan var han medlem av Forsvarskomitéen. Vararepresentanten Rita Tveiten rykte opp til fast plass på Stortinget då Lund døydde våren 2004.