Lars Knutson Liestøl
Lars Knutson Liestøl | |||
| |||
Fødd | 13. juni 1839 Åseral | ||
---|---|---|---|
Død | 15. desember 1912 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Lars Knutson Liestøl (fødd 13. juni 1839 i Åseral, død 15. desember 1912 i Kristiansand) var ein norsk lensmann, gardbrukar og politikar for partiet Venstre. Liestøl var statsråd og sjef for Revisjonsdepartementet frå 5. mars 1888 til 22. februar 1889 i Johan Sverdrups regjering. Frå oktober til desember 1888 leidde han også Indredepartementet. Knut Larsson Liestøl og hustru Gyro Grundesdotter var foreldra hans. Knut Liestøl var ein brorson.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Liestøl vart innvald til Stortinget i heile ti periodar, første gong i 1874. Han døyde før han tok fatt på sin tiande periode. Mesteparten av tida var han medlem av justiskomiteen.
Liestøl var sterkt engasjert i målsaka, og var i 1885 med å vedta jamstillinga mellom dei to målformene i landet.[1]
« | Eg kan ikkje længre halde det ut med at skriva Dansk, fyredi Tankarne verde so
innesnørde som ei turka Næver. |
» |
—Brev frå Lars Liestøl til faren Knut Larson Liestøl i 1865[2] |
Liestøl var lensmann i Bygland frå 1866 til 1888 og hadde rydningen på garden Frøysnes frå 1870. Han sat i Bygland heradsstyre i 36 år og var ordførar i bygda i tolv år. Han hadde i tillegg ein rekkje lokale offentlege verv.
Han var sjølvlærd i engelsk språk, og studerte engelsk og særskild amerikansk historie. Han hadde også særskilde evner for teikning.
Han vart i 1899 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lars Knutson Liestøl» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2008.
- Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ottar Grepstad: «Språkleg valfridom: eit demokratisk dilemma». Føredrag på Språk 2005 i Bærum kulturhus, Sandvika 9. april 2005.
- ↑ Åsulv Frøysnes: «Lars Liestøl og målsaka», Syn og Segn 1971, s. 157
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Lars Knutson Liestøl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1839
- Døde i 1912
- Norske gardbrukarar frå 1800-talet
- Norske gardbrukarar frå 1900-talet
- Norske statsrådar 1884-1905
- Venstrestatsrådar
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1901-1903
- Stortingsrepresentantar 1907-1909
- Stortingsrepresentantar 1910-1912
- Stortingsrepresentantar 1913-1915
- Stortingsrepresentantar for Aust-Agder
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Bygland
- St. Olavs Orden
- Målfolk
- Folk frå Bygland
- Folk frå Åseral