[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Lampornithini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lampornithini
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Lampornithini
Jardine, 1833

Lampornithini er ein av dei tre biologiske tribusane (stammar) som utgjer underfamilien Trochilinae i kolibrifamilien Trochilidae. Dei to andre stammane i underfamilien er Mellisugini («bikolibrar») og Trochilini («smaragdar»). Det uformelle engelske namnet mountain gems er foreslått for denne gruppa, her omsett til «fjelljuvelar».

Per 2023 samlar denne stammen totalt 18 artar fordelte på 7 slekter.[1][2] Utbreiingsområdet for dei fleste artane i Lampornithini ligg i Mellom-Amerika og nord til sørlege og sentrale Mexico, og dette inkluderer alle artane i den største slekta, Lampornis.[2] To artar trekker nordover for hekking og kan treffast nord til sørlegaste Arizona og New Mexico. Dette er blåstrupejuvel (Lampornis clemenciae) og purpurissekolibri (Eugenes fulgens). Saksekolibri (Hylonympha macrocerca) er endemisk for Pariahalvøya i nordvaustlege Venezuela.[3] Skjoldkolibri (Sternoclyta cyanopectus) er utbreidd frå kystfjella i nordlege Venezuela, sørvestover langs Andes inn i Colombia, omtrent til Bucaramanga.[4] Slekta Heliomaster lever i Brasil, med ein art sør til nordlege Argentina og til austlege Bolivia.[5]

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar.[6] Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte tre av dei ni kladane i underfamilien Trochilinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Mellisugini («smaragdar»), Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»).[7] Stammen Lampornithini med den noverande avgrensinga vart introdusert i 2009.[8]

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar.[1][6][8] Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.[7]

Kladogram for kolibrifamilien:

Trochilidae 


 Florisuginae – «topasar»



 Phaethornithinae – «eremittar»





 Polytminae – «mangoar»



Lesbiinae 

 Heliantheini – «briljantar»



 Lesbiini – «koketter»





 Patagoninaekjempekolibri


 Trochilinae 


 Lampornithini – «fjelljuvelar»



 Mellisugini – «bikolibriar»




 Trochilini – «smaragdar»







Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[9]

Stamme Lampornithini, «fjelljuvelar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, [2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[10] Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[11]

Bilete Slekt Nolevande artar
Sternoclyta
  • Skjoldkolibri, Sternoclyta cyanopectus, Violet-chested hummingbird, (Gould, 1846), (LC)
Hylonympha
  • Saksekolibri, Hylonympha macrocerca, Scissor-tailed hummingbird, Gould, 1873, (EN)
Eugenes
  • Purpurissekolibri, Eugenes fulgens, Rivoli's hummingbird, (Swainson, 1827), (LC)
  • Talamancakolibri, Eugenes spectabilis, Talamanca hummingbird, (Lawrence, 1867), (LC)
Panterpe
  • Eldstrupekolibri, Panterpe insignis, Fiery-throated hummingbird, Cabanis & Heine, 1860, (LC)
Heliomaster
  • Langnebbstjernestrupe, Heliomaster longirostris, Long-billed starthroat, (Audebert & Vieillot, 1801), (LC)
  • Bronsestjernestrupe, Heliomaster constantii, Plain-capped starthroat, (Delattre, 1843), (LC)
  • Bandstjernestrupe, Heliomaster squamosus, Stripe-breasted starthroat, (Temminck, 1823), (LC)
  • Blåstjernestrupe, Heliomaster furcifer, Blue-tufted starthroat, (Shaw, 1812), (LC)
Lampornis
  • Kvitbukjuvel, Lampornis hemileucus, White-bellied mountaingem, (Salvin, 1865), (LC)
  • Blåstrupejuvel, Lampornis clemenciae, Blue-throated mountaingem, (Lesson, RP, 1830), (LC)
  • Amestyststrupejuvel, Lampornis amethystinus, Amethyst-throated mountaingem, Swainson, 1827, (LC)
  • Flekkstrupejuvel, Lampornis viridipallens, Green-throated mountaingem, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)
  • Flekkbrystjuvel, Lampornis sybillae, Green-breasted mountaingem, (Salvin & Godman, 1892), (LC)
  • Purpurstrupejuvel, Lampornis calolaemus, Purple-throated mountaingem, (Salvin, 1865), (LC)
  • Gråhalejuvel, Lampornis cinereicauda, Grey-tailed mountaingem, (Lawrence, 1867), (LC)
  • Kvitstrupejuvel, Lampornis castaneoventris, White-throated mountaingem, (Gould, 1851), (LC)
Lamprolaima
  • Granatkolibri, Lamprolaima rhami, Garnet-throated hummingbird, (Lesson, RP, 1839), (LC)
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds». Current Biology 24 (8): 910–916. PMID 24704078. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023. 
  3. Heynen, I., T. Züchner, E. de Juana, P. F. D. Boesman, and C. J. Sharpe (2020). Scissor-tailed Hummingbird (Hylonympha macrocerca), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.scthum1.01
  4. Heynen, I. and G. M. Kirwan (2020). Violet-chested Hummingbird (Sternoclyta cyanopectus), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.vichum2.01
  5. Schuchmann, K.L., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). Blue-tufted Starthroat (Heliomaster furcifer), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bltsta2.01
  6. 6,0 6,1 McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Altshuler, D.L.; Remsen, J.V. (2007). «Phylogenetic systematics and biogeography of hummingbirds: Bayesian and maximum likelihood analyses of partitioned data and selection of an appropriate partitioning strategy». Systematic Biology 56 (5): 837–856. PMID 17934998. doi:10.1080/10635150701656360. 
  7. 7,0 7,1 Dickinson, E.C.; Remsen, J.V. Jr., red. (2013). The Howard & Moore Complete Checklist of the Birds of the World. 1: Non-passerines (4th utg.). Eastbourne, UK: Aves Press. ISBN 978-0-9568611-0-8. 
  8. 8,0 8,1 McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Remsen, J.V.; Dudley, R.; Altshuler, D.L. (2009). «A higher-level taxonomy for hummingbirds». Journal of Ornithology 150 (1): 155–165. doi:10.1007/s10336-008-0330-x. 
  9. Licona-Vera and Ornelas (2017). «The conquering of North America: dated phylogenetic and biogeographic inference of migratory behavior in bee hummingbirds». BMC Evolutionary Biology 17 (126). doi:10.1186/s12862-017-0980-5. 
  10. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. april 2023. 
  11. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. april 2023.