Lago di Nemi
Utsjånad
Lago di Nemi | |||
innsjø | |||
Lago di Nemi
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Lazio | ||
Innsjøtype | Kratersjø | ||
Høgd over havet | 325 moh. | ||
Areal | 1,67 km² | ||
Største djupn | 33 m | ||
Koordinatar | 41°42′44″N 12°42′09″E / 41.71222°N 12.70250°E | ||
Lago di Nemi 41°42′44″N 12°42′09″E / 41.712222222222°N 12.7025°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Nemi |
Lago di Nemi (latin Nemorensis Lacus) er ein liten kratersjø i Lazio i Italia, om lag 30 km sør for Roma. Han har fått namn etter Nemi, den største byen i området. Han har eit areal på 1,67 km² og eit djup på 33 meter på det djupaste.
Innsjøen er kjend for Nemiskipa, romerske skip som låg sokke i innsjøen. Desse skipa var svært store og avanserte for si tid.
Ovanfor innsjøen står det ei treklynge som var vigd til gudinna Diana. Frå Diana sin heilagdom renn det ein bekk ned til Nemi.
Keisarane Caligula og Tiberius segla til Nemisjøen for å gjere seg gjeldande som nemorensi, herskarar blant stjernene og sameint med jorda si evigvarande livskraft.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Nemi frå Engelsk Wikipedia .