Lafjorden
Utsjånad
- For fjorden i Flekkefjord kommune sjå Lafjord.
Lafjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Nordkapp | ||
Lafjorden 70°53′52″N 25°32′31″E / 70.897775°N 25.54184°E |
Lafjorden (samisk Lávvárvuotna) er ein fjord i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 8,5 km sørvestover til Námmegieddi i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Hysaksla i vest og Gamneset i aust. Laholmen er ei lita grend på austsida like innanfor innløpet. Frå botn av fjorden stikk Lafjordneset nordover i fjorden og deler han i to, Vester-Lafjorden og Auster-Lafjorden. Fjorden er 91 meter på det djupaste, like vest for Storholmen og Laholmen.
70°53′51.990″N 25°32′30.624″E / 70.89777500°N 25.54184000°E