[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Lazarevhavet

Koordinatar: 68°00′S 7°00′E / 68.000°S 7.000°E / -68.000; 7.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lazarevhavet is located in Antarktis
Lazarevhavet
Lazarevhavet (Antarktis)
Adeliepingvinar nær Novolazarevskaja-stasjonen.

Lazarevhavet er eit randhav i Sørishavet. Det ligg mellom Kong Haakon VII Hav i vest og Riiser-Larsenhavet i aust, eller mellom nullmeridianen ved 0°0' og 14 °E. Djupna i havområdet er stort sett under 3000 m og på det djupaste ned mot 4500 m. Det dekkjer eit område av 929 000 km². [1]

Sør for Lazarevhavet ligg Prinsesse Astrid Kyst i Dronning Maud Land.

Lazarevhavet er kalla opp etter den russiske admiralen og oppdagaren Mikhail Lazarev (1788-1851). Noreg har ikkje anerkjent dette havområdet og reknar det som ein del av Kong Haakon VII Hav.

68°00′S 7°00′E / 68.000°S 7.000°E / -68.000; 7.000