Lauriz Oftedahl
Utsjånad
Lauriz Oftedahl | |||
| |||
Fødd | Lars Andreas Oftedahl 19. mai 1781 København | ||
---|---|---|---|
Død | 17. mars 1843 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Alle verv |
Lauriz Andreas Oftedahl (fødd Lars Andreas Oftedahl, 19. mai 1781–17. mars 1843) var ein norsk lærar, prest og eidsvollsmann.
Oftedahl var fødd i København, faren var ein norsk offiser. Han voks delvis opp i Kristiansand, og vart derifrå student i 1796. I 1800 vart han cand. theol.. Same året vart han lærar ved katedralskulen i Kristiansand. År 1809 vart han sokneprest i Rennesøy. I 1817 vart han residerande kapellan i Kristiansand, stiftsprost i 1825. Frå 1831 til han døydde var han sokneprest i Eiker.
På riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 møtte Oftedahl som 1. utsending frå Stavanger amt. Han høyrde til unionspartiet, og var medlem av deputasjonen som 17. mai møtte kong Kristian Fredrik.
Oftedahl døydde på prestegarden i Eiker i 1843.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914