London Borough of Brent
Utsjånad
London Borough of Brent | |||
bydel | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Areal | 43,2325 km² | ||
Folketal | 330 795 (2018)[1] | ||
London Borough of Brent 51°33′32″N 0°16′52″W / 51.558888888889°N 0.28111111111111°W | |||
Wikimedia Commons: London Borough of Brent |
Brent er ein bydel i London. Han ligg i den nordvestlege delen av ytre London, og grensar til Harrow i nordvest, Barnet i nordaust, Camden i aust og Ealing, Hammersmith and Fulham, Kensington and Chelsea og City of Westminster i sør.
Bydelen blei oppretta i 1965 ved at krinsane Wembley og Willesden i Middlesex blei slått saman. Den har namn etter elva Brent, som renn gjennom distriktet.
Wembley Stadium og Wembley Arena ligg i Brent.
Ved folketelinga i 2001 var 46,53 % av innbyggjarane fødd utanfor Storbritannia; dette var den høgaste delen som blei registrert for eit distrikt.
Stader i Brent
[endre | endre wikiteksten]- Alperton
- Brondesbury, Brondesbury Park
- Church Road, Cricklewood
- Dollis Hill
- Harlesden
- Kensal Green, Kensal Rise, Kenton (delar i Harrow), Kilburn (delar i Camden), Kingsbury
- Neasden
- Park Royal (delar i Ealing)
- Preston Manor
- Stonebridge Park, Sudbury
- Tokyngton
- Wembley, Willesden, Willesden Green