Louisiana Red
Louisiana Red | |||
Louisiana Red ved Djurs Blues Festival Foto: Hreinn Gudlaugsson | |||
Fødd | 23. mars 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bessemer | ||
Død | 25. februar 2012 (79 år) | ||
Dødsstad | Hannover | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1949–2012 | ||
Sjanger | blues | ||
Instrument | gitar, munnspel, vokal | ||
Plateselskap | Chess Records | ||
Verka som | songar-låtskrivar, musikar, songar, gitarist |
Louisiana Red, eigentleg Iverson Minter, var ein amerikansk blues-gitarist, harmonikaspelar og songar som spelte inn over 50 album. Han er best kjend for songen «Sweet Blood Call».
Liv
[endre | endre wikiteksten]Red mista foreldra sine tidleg i livet. Mor hans døydde av lungebetennelse kort tid etter at han blei fødd, medan faren hans blei lynsja av Ku Klux Klan då han var fem år gammal.[1][2][3] Han voks opp hjå ulike slektningar i fleire ulike byar, mellom anna bestemora i New Orleans, og i ein barneheim. Som ung plukka han bomull. Då han var 11 lærte han å spela gitar på eit gammalt instrument.[1]
Red spelte først for det innverknadsrike plateselskapet Chess i 1949, før han gjekk inn i den amerikanske hæren, og blei send til Korea under Koreakrigen. Etter å ha forlate hæren spelte han i to år saman med John Lee Hooker i Detroit. I 1952 spelte han for Checker Records under namnet Rocky Fuller.[4] Seinare blei han kjend under artistnamnet Louisiana Red, eit tilnamn han fekk fordi han var særs glad i Louisiana Hot Sauce.[1]
Det første albumet til Red, Lowdown Back Porch Blues, blei spelt inn i New York saman med Tommy Tucker og gjeve ut i 1963. Seinare same året kom det andre albumet hans, Seventh Son, òg ut.[5]
Louisiana Red gav ut singelen «I'm Too Poor To Die» på plateselskapet Glover i 1964, og han nådde ein 117. plass på den amerikanske Billboard-hitlista.
Gjennom 1960- og 1970-åra spelte Louisiana Red mellom anna for Chess, Checker, Atlas, Glover, Rulett, L&R og Tomato.[6] Han gifta seg med den første kona si, Ealase, i 1963. Dei budd i Florida og fekk tre barn saman, men ho døydde av kreft i 1973. Red skreiv fleire songar om henne - «Sweet Alesse», «Two Fifty Three» om det første møtet deira og den kjensletunge «Death Of Ealase». I 1977 gifta han seg opp att med Odetta Gordon.[1]
Louisiana Red fekk merksemd etter ein opptreden var jazzfestivalen i Montreux i 1975.[1] I 1983 vann han ein W.C. Handy Award for "Best Traditional Blues Male Artist".[7][8] Han flytta til Hannover i Tyskland i 1981.[9]
Han spelte i filmane Rockpalast (1976), Comeback (1982), Ballhaus Barmbek (1988), Red and Blues (2005) og Family Meeting (2008).[10]
I 1994 spelte Louisiana Red inn eit album der blues blei blanda med dne urbane greske musikkstilen til bouzoukispelaren Stelios Vamvakaris, Blues Meets Rembetika.[4]
Red turnerte òg på sine eldre dagar overalt i verda, og opptredde mellom anna på Frederikshavn Bluesfestival i 2010.[11][12] I 2011 gav han ut albumet Memphis Mojo til mykje ros.[13] Han døydde i 2012 i Hannover etter eit slagtilfelle.[14]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1983 W C Handy Award for "Best Traditional Blues Male Artist"
- 2009 Grand Prix du Disque (Blues) for "Back to the Black Bayou"
- 2009 German Record Critics Award "Bedste Nye Udgivelse" (Blues)
- 2009 Bluesnews Poll (for "Back to the Black Bayou")
- 2010 Blues Music Award (Årets Akustiske Kunstner)
- 2010 Blues Music Award (Årets Akustiske Album) for CD-en "You Got To Move"
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- Lowdown Back Porch Blues (1963) (Roulette)
- Seventh Son (1963) (Carnival)
- Shouts the Blues (1970) (Forum Circle)
- Louisiana Red Sings The Blues (1972) (Atlantic)
- Sweet Blood Call (1975) (Blue Labor)
- The Blues Purity of Louisiana Red (1975) (Blue Labor)
- Dead Stray Dog (1976) (Blue Labor)
- Live & Well (1976) (Ornament)
- King Bee (1978) (Orchid)
- Red Funk & Blue (1978) (Black Panther) sammen med Sugar Blue
- New York Blues (1979) (L+R)
- Reality Blues (1980) (L+R)
- High Voltage (1980) (Black Panther)
- Midnight Rambler (1982) (Tomato/Rhino)
- Blues for Ida B (1982) (JSP)
- Boy from Black Bayou (1983) (L+R)
- Blues From The Heart (1983) (JSP)
- Anti Nuclear Blues (1983) (L+R)
- Blues Man (1984) (JSP)
- Back to Road Again (1984) (MMG)
- My Life (1984) (L+R)
- World on Fire (1985) (MMG)
- Brothers in Blues (1985) (CMA)
- Back to the Roots (1987) (CMA)
- Pretty Woman (1991) (Blues Beacon)
- Last Mohican of the Blues (1992) (Polton)
- Ashland Avenue Blues (1992) (Schubert)
- Live at 55 (1994) (Enja)
- Always Played The Blues (1994) (JSP)
- Louisiana Red (1994) (Forum)
- Blues Meets Rembetika (1994) (Distazi)
- Sittin' Here Wonderin' (1995) (Earwig Music)
- Sugar Hips (1995) (CMA)
- Rising Sun Collection (1996) (JAMR)
- I Hear the Train Coming (1997) (Chrisly)
- Over my Head (1997) (Chrisly)
- Walked All Night Long (1997) (Blues Alliance)
- Rip off Blues (1998) (Chrisly)
- Winter & Summer Sessions (1998) (Blues Factory)
- Millennium Blues (1999) (Earwig Music)
- Live in Montreux (2000) (Labor)
- Sings Deep Blues (2001) (P-Vine)
- Driftin' (2001) (Earwig Music)
- A Different Shade of Red (2002) (Severn)
- Bad Case of the Blues (2004) (Mojo Tone)
- No Turn On Red (2005) (Hightone)
- Hot Sauce (2005) (Red Lightnin')
- Live at Painted Sky (2008) (Paul Prod.)
- Back to the Black Bayou (2008) (Bluestown) sammen med Kim Wilson and Little Victor
- You Got to Move (2009) (Blu Max/Vizztone) sammen med David Maxwell
- Memphis Mojo (2011) (Ruf Rec.) sammen med David Maxwell and Bob Coritorre
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Louisiana Red: Blues singer and guitarist who found fame at Montreux», The Independent (på engelsk), 1. mars 2012, henta 10. september 2020
- ↑ «Red's life». Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 29. juni 2011.
- ↑ Wynn, Ron. Louisiana Red: Biography. Allmusic.com.
- ↑ 4,0 4,1 Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books. s. 138–139. ISBN 1-85868-255-X.
- ↑ Owens, Thom "Lowdown Back Porch Blues (review)", allmusic.com, Macrovision Corporation
- ↑ «Louisiana Red Biography». Henta 29. juni 2011.
- ↑ [1] Arkivert 2009-04-23 ved Wayback Machine.Blues Music Awards Winners 1983, Blues Foundation
- ↑ "Louisiana Red in Concert with Doug 'Harmonica' McLean at Brookhaven Lab", Brookhaven National Laboratory News
- ↑ Official site biography, arkivert frå originalen 21. januar 2015, henta 9. september 2020
- ↑ «Louisiana Red». IMDb. Henta 10. januar 2015.
- ↑ «Louisiana Red Tourdates». Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 29. juni 2011.
- ↑ «Bluesfestival igen i år». Arkivert frå originalen 11. mai 2022. Henta 29. juni 2011.
- ↑ «Bman's Blues Report: New Release from Ruf Records: Memphis Mojo – Louisiana Red and Little Victor's Juke Joint». Bmansbluesreport.com. 3. oktober 2011. Henta 30. desember 2011.
- ↑ «Louisiana Red has passed. This is confirmed». Bman's Blues Report.
- Denne artikkelen bygger på «Louisiana Red» frå Wikipedia på dansk, den 9. september 2020.