Ole Laake
Ole Laake | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. november 1862 Ullensaker |
Død | |
Yrke | bonde |
Ole Kristian Kristiansen Laake (13. november 1862–22. mai 1927) var ein norsk lærar, gardbrukar, offiser og politikar frå Ullensaker.
Gardbrukarsonen Laake tok eksamen frå krigsskulen i 1889 og den militære høgskulen i 1892. Han underviste på Vinterlandbruksskolen i Oslo 1889-97 og frå 1897 til 1910 var han lærar i teikning og landmåling på Norges Landbrukshøgskule.
I 1902 kjøpte Laake garden Haug i Hovin sokn og budde der livet ut. Åra 1908 til 1916 var han ordførar i Ullensaker. Sommaren 1915 vart han utnemnd til sjef for 1. posisjonsart. bataljon av feltartilleriregiment nr. 1 og samstundes forfremja til major. I 1918 møtte han på Stortinget som varamann frå 14. august, der han representerte Venstre. Seinare var han varaordførar i Ullensaker frå 1923 til han døydde.
Laake hadde ei mengd tillitsverv. Han var mellom anna formann i Ullensaker Sparebank, Akershus Venstrelag, ungdomslag og mållag. Attåt var han styremedlem i Eidsvoll Landsgymnas og Livstrygdelaget Andvake. Han arbeidde iherdig for skyttarsaka og var den som tok initiativet til ei bygdebok for Ullensaker. Laake gav òg ut ei bok om landmåling.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi Arkivert 2017-10-26 ved Wayback Machine.
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957