[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Olav Kringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Kringen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1867
Vågå kommune Sjå dette på Wikidata
Død

6. oktober 1951 (84 år)

Yrke redaktør, omsetjar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Olav Kringen på Commons

Olav Kringen (24. juli 18676. oktober 1951) var ein norsk journalist og redaktør og ein pioner innan arbeidarrørsla.

Kringen var fødd i Vågå. I 1887 reiste han til USA, der han tok lærarutdanning. Seinare vigde han seg til journalistikken.

Frå 1901 til 1904 redigerte han bladet til Arbeidarpartiet, Det tyvende Århundrede. Frå 1903 til 1906 var han redaktør i Arbeidarparti-avisa Social-Demokraten, og frå 1909 til 1913 var han redaktør i ei anna Arbeidarparti-avis, den Hamar-baserte Demokraten.

Utover redaktørverva sine er Kringen i ettertida mest kjend for den norske omsetjinga av «Internasjonalen».[1]

  1. Syng en arbeidersang og del den med oss! Fri Fagbevegelse