Olaf Kortner
Olaf Kortner | |||
Fødd | 10. mai 1920 Skien kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 26. januar 1998 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Medlem | Unge Venstre | ||
Verv | Leiar av Unge Venstre 1948-1950 | ||
Føregangar | Helge Rognlien | ||
Etterfylgjar | Helge Røed | ||
Alle verv |
|
Olaf Erling Kortner (10. mai 1920–26. januar 1998) var ein norsk politikar for Venstre. Han var kyrkje- og undervisningsminister i Lyng-regjeringa i 1963, formann i Unge Venstre 1948-1950, stortingsrepresentant 1965-1970 og nestformann i Venstre 1966-1970.
Olaf Kortner vart fødd i Skien. Han vart student i 1940 og fullførte ein cand. philol.-grad i 1948. I 1948 vart han vald til formann i Unge Venstre for ein toårsperiode, men fungerte berre i eitt år, då han frå 1949 til 1950 var i England som programsekretær for den norske avdelinga til BBC. I 1950 begynte han å arbeida som lektor i Strinda, og frå 1951 til 1955 sat han i kommunestyret der. I 1957 begynte han å arbeida på Berg skole i Oslo, der han var til 1970. Frå 1955 hadde han òg verv i Norsk lektorlag, frå 1962 til 1965 som formann.
I 1963 vart Kortner statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet (kyrkje- og undervisningsminister) i den kortliva Lyng-regjeringa frå 28. august til 25. september. I 1965 vart han 1. vararepresentant til Stortinget frå Oslo, noko han var i to periodar. Han møtte fast frå 1965 til 1970 medan Helge Seip var statsråd i Borten-regjeringa. Frå 1966 til 1970 var han òg nestformann i Noregs Venstrelag.
I 1971 vart Kortner fylkesskolesjef i Akershus noko han var fram til 1989, og så utdanningsdirektør i Akershus til 1990. Han hadde òg ei rekkje verv.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]