[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ola Narr i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kostymeskirenn på Ola Narr, omkring 1950. Bilde frå Digitalt museum.

Ola Narr er eit parkområde i Oslo, nokre hundre meter frå Carl Berners plass.

I nyare tid har namnet vist til delar av området nord i Tøyenparken, men opphavleg viste det berre til kollen heilt i nordenden av Tøyenparken, nærast Carl Berners plass.

Parken blei brukt til skihopping den 17. mai 1948, då ein henta snø hit frå Finse. Det var rundt 50 000 tilskodarar ved eit renn som er blitt kalla «legendarisk» av Rina Mariann Hansen, byråd for kultur, idrett og frivillighet i Oslo.[1] Vinteren 2017/2018 la Oslo kommune kunstnsnø i parken slik at folk kunne stå på ski der.[1]

  1. 1,0 1,1 Espen H. Rusdal (21. februar 2018). «I Oslo har det vært 350 hoppbakker – i dag er det tre». Dagsavisen.