Oh Mercy
Oh Mercy Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. september 1989 | |
Innspelt | Februar–april 1989 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 38:46 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Daniel Lanois | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Dylan & the Dead (1989) |
Oh Mercy | Under the Red Sky (1990)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Entertainment Weekly | A–[3] |
MusicHound | [4] |
Rolling Stone | [5] |
Oh Mercy er det 26. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records, 18. september 1989. Det var produsert av Daniel Lanois og vart hylla som ein triumf for Dylan etter ei rekkje svakare album. Oh Mercy gav Dylan den høgaste plasseringa han hadde på listene på fleire år og nådde 30. plassen i USA og sjetteplass i Storbritannia og Noreg.
Medan han kom seg etter ei handulukke i desember 1987 sat Dylan ved kjøkenbordet ein kveld og skreiv «Political World», den første nye songen hans på lang tid. Han hadde ikkje vore motivert til å skrive songar, men denne songen kom spontant og han skreiv fleire songar i løpet av dei neste dagane. Så snart han var frisk att i handa la han ut på turne og skreiv ikkje fleire songar. Sidan dei førre albuma hadde gått så pass dårleg, var Dylan motvillig til å gå i studio igjen. I 1989 vitja Bono frå U2 Dylan, og Dylan viste han songane han hadde skrive. Bono oppfordra Dylan til å dra i studio og foreslo Daniel Lanois som produsent. Dylan ønskte ikkje å nytte turnebandet sitt i studio, så Lanois henta inn fleire lokale musikarar i New Orleans, der albumet vart spelt inn.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Etter dei skuffande salstala for Knocked Out Loaded og Down in the Groove, vart Oh Mercy hylla som eit comeback. Kritikarane stemnde albumet fram på 15. plassen på Pazz & Jop-lista til The Village Voice i 1989 over dei beste albuma det året. Same året vart Oh Mercy rangert på 44. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste abuma i 1980-åra.[6]
I 2006 plasserte musikkmagasinet Q albumet på 33. plassen på lista si over dei 40 beste albuma i 1980-åra.[7] Same året vart «Political World» nytta i filmen Man of the Year.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Bob Dylan.
Nr. | Tittel | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Political World» | 8. mars 1989 (overdubba 21. mars og 8. april 1989) | 3:43 |
2. | «Where Teardrops Fall» | 21. og 22. mars 1989 (overdubba 15-16. april 1989) | 2:30 |
3. | «Everything Is Broken» | 14. eller 15. mars 1989 (overdubba 1. og 3. april 1989) | 3:12 |
4. | «Ring Them Bells» | 7. mars 1989 (overdubba 6. april 1989) | 3:00 |
5. | «Man in the Long Black Coat» | 29. mars 1989 (overdubba 4. april 1989) | 4:30 |
Nr. | Tittel | Innspeling | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Most of the Time» | 12. mars 1989 (overdubba 19. april 1989) | 5:02 |
2. | «What Good Am I?» | 7. mars 1989 (overdubba 7. april 1989) | 4:45 |
3. | «Disease of Conceit» | 8. mars 1989 (overdubba april 1989) | 3:41 |
4. | «What Was It You Wanted» | 21. mars 1989 (overdubba 24. mars og 3., 4. og 10. april 1989) | 5:02 |
5. | «Shooting Star» | 14. eller 15. mars 1989 (overdubba 1. til 3. april 1989) | 3:12 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Bob Dylan – vokal, gitar, piano, munnspel, 12-strengsgitar, Hammondorgel
Andre medverkande:
- Malcolm Burn – tamburin, klaverinstrument på «Everything Is Broken», «Ring Them Bells», «Man in the Long Black Coat», «Most of the Time», «What Good Am I?», «What Was It You Wanted»
- Rockin' Dopsie – trekkspel på «Where Teardrops Fall»
- Willie Green – trommer på «Political World», «Everything Is Broken», «Most of the Time», «Disease of Conceit», «What Was It You Wanted» og «Shooting Star»
- Tony Hall – bassgitar på «Political World», «Everything Is Broken», «Most of the Time», «Disease of Conceit» og «Shooting Star»
- John Hart – saksofon på «Where Teardrops Fall»
- Daryl Johnson – perkusjon på «Everything Is Broken»
- Larry Jolivet – bassgitar på «Where Teardrops Fall»
- Daniel Lanois – produsent, miksing, dobro, lapsteelgitar, gitar, omnichord, bassgitar (spelte på alle songar utanom «Disease of Conceit»)
- Cyril Neville – perkusjon på «Political World», «Most of the Time» og «What Was It You Wanted»
- Alton Rubin jr. – vaskebrett på «Where Teardrops Fall»
- Mason Ruffner – gitar på «Political World», «Disease of Conceit» og «What Was It You Wanted»
- Brian Stoltz – gitar på «Political World», «Everything Is Broken», «Disease of Conceit» og «Shooting Star»
- Paul Synegal – gitar på «Where Teardrops Fall»
Produksjon:
- Malcolm Burn – innspeling, miksing
- Greg Calbi – mastering
- Mark Howard – miksing, studioinstallasjon
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Sveits(IFPI Switzerland)[8] | Gull | 25 000x |
Storbritannia (BPI)[9] | Gull | 100 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oh Mercy» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2010.
- ↑ Oh Mercy på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 169». robertchristgau.com. Henta 7. desember 2018.
- ↑ Entertainment Weekly review
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ DeCurtis, Anthony (21. september 1989). «Rolling Stone : Bob Dylan: Oh Mercy : Music Reviews». web.archive.org. Arkivert frå originalen 2. juli 2006. Henta 7. desember 2018.
- ↑ Michael Azerrad, Anthony DeCurtis (16 November 1989). «The 100 best albums of the eighties». Rolling Stone: 102. Arkivert frå originalen 24. juni 2018. Henta 8. desember 2018.
- ↑ Q 2006. august Issue 241
- ↑ «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Bob Dylan; 'Oh Mercy')». Hung Medien.
- ↑ «British album salstrofé – Bob Dylan – Oh mercy». British Phonographic Industry. Enter Oh mercy in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go