Odd Omland
Utsjånad
Odd Omland | |||
Fødd | 29. januar 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar i Kvinesdal 2003–2013 | ||
Etterfylgjar | Svein Arne Jerstad | ||
Alle verv |
|
Odd Omland (fødd 29. januar 1956) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant for Vest-Agder fylke frå 2013 til 2017.[1] I stortingsperiodane 2009–2013 og 2017–2021 var han vararepresentant nr 1 for Vest-Agder.[1]
Omland var ordførar i Kvinesdal kommune frå 2003 til 2013. I kommunevalet i 2007 vart han vald på nytt med over 67 % av stemmene i det direkte ordførarvalet, i kommunen der han har vore kommunestyre-representant sidan 1980. Ved stortingsvalet 2009 var Omland andrekandidat til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder, og han vart dermed den første vararepresentanten frå partiet.