Oates Coast
Oates Coast | |||
region | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Oates Coast 69°30′S 159°00′E / 69.5°S 159°E | |||
Kart over Oates land.
|
Oates Coast (69°30′S 159°0′E / 69.500°S 159.000°E) er den delen av kysten av Antarktis som ligg mellom Cape Hudson og Cape Williams. Han dannar kysten av Oates Land, ein del av Australsk Antarktis. Den austlege delen av denne kysten vart oppdaga i februar 1911 av løytnant Harry Pennell i Royal Navy, kommandør på ekspedisjonsskipet «Terra Nova» under den britiske antarktiskekspedisjonen 1910-13. Han namngav kysten etter kaptein Lawrence E.G. Oates som, med kaptein Robert F. Scott og tre kompanjongar i British Antarctic Expedition, forsvann då dei var på veg attende frå Sørpolen i 1912. Vestdelen av kysten, i nærleiken av Mawson Peninsula, vart først kartlagd av flyfoto tekne av U.S. Navy Operation Highjump 1946-47.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Oates Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).