Kåter
Utsjånad
- Sjå òg gamme.
Kåter (også kalla kart, kular eller rirkular) er utvekstar som ein finn på mange tre. Dei kjem av at vedfibrane er vridde og slyngde om kvarandre, slik at veden får ein svært hard og seig konsistens. Dei har ofte ein flott struktur (særleg dei ein finn på bjørk og or), og vert difor ofte brukte til treskurd.
Fruktlekamane til visse råtesoppar som snyltar på tre, som kjuker og poresoppar, vert feilaktig kalla kåter.