[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Julija Graudyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julija Graudyn
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 13. november 1970 (53 år)
Moskva
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Julija Igorevna Graudyn (fødd 13. november 1970) er ein russisk tidlegare hekkeløpar frå Moskva. Ho vann sølvmedaljen i europameisterskapen 1994 og bronsemedaljen i verdsmeisterskapen 1995 på 100 meter hekk.

Graudyn kneip sølvmedaljen på korthekken framom verdsrekordhaldaren Jordanka DonkovaEM i friidrett 1994 vart avvikla i Helsinki. Tre veker seinare fekk Graudyn notert 12,62 sekund og livsbeste ved eit stemne i Berlin. Året etter sikra ho seg bronsemedaljen ved VM i friidrett 1995 i Göteborg. Sidan vart ho slått ut i semifinalane ved verdsmeisterskapen i så vel 1997 som 1999. Under Sommar-OL 2000 rauk ho allereie i forsøket.