[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Jiamusi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jiamusi
byprefektur
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 32 469,98 km²
Folketal 2 552 097 (2010)
Kart
Jiamusi
46°48′29″N 130°21′55″E / 46.80808°N 130.36531°E / 46.80808; 130.36531
Wikimedia Commons: Jiamusi
Jiamusi (gul) i Heilongjiang

Jiamusi er eit byprefektur nordaust i provinsen Heilongjiang i Kina, med grenser mot Russland både i nord og i aust. Byprefekturet har eit areal på 31 528 km² og 2 552 097 innbyggjarar i 2010.

Byprefekturet Jiamusi omfattar fem distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næring og samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Byen Jiamusi er ei viktig elvehamn for nedre del av elva Songhua.

Jiamusi har jarnbanesamband til provinshovudstaden Harbin, og til grannelanda Nord-Korea og Russland.

Kinas riksveg 201 går gjennom prefekturet. Vegen tek til i Hegang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou/Dalian. Også Kinas riksveg 221 går gjennom området. Han tek til i Harbin og går til Tongjiang i Jiamusi, begge i Heilongjiang.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jiamusi