Jeg vet om en gutt/jente
Utsjånad
«Jeg vet om en gutt/jente» Singel av Randi & Torill og Kari Medaas & Ivar Medaas | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk | |
Utgjeve | 1967 | |
Innspelt | 27. februar 1967 (Randi & Torill) | |
Selskap | His Master's Voice (Randi & Torill) Nor-Disc (Vestlandsduoen) | |
Låtskrivar(ar) | Arne Bendiksen |
---|
«Jeg vet om en gutt» eller «Jeg vet om en jente» er ein singel av Randi & Torill (His Master's Voice AL 6146) og Vestlandsduoen (Nor-Disc NOR 146), gjeven ut i 1967. Vestlandsduoen var Kari & Ivar Medaas. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]
Eurovision
[endre | endre wikiteksten]Melodi Grand Prix 1967
[endre | endre wikiteksten]«Jeg vet om en gutt/jente» deltok i Melodi Grand Prix 1967, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1967 i Wien i Austerrike. Songen vart framført på norsk av Randi & Torill med eit lite orkester, og hadde då tittelen «Jeg vet om en gutt», og så på nytt av Vestlandsduoen ( Kari Medaas & Ivar Medaas) med eit stort orkester, då med tittelen «Jeg vet om en jente». Bidraget enda på femte- og sisteplass med eitt poeng; frå Trondheim.[2][3]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «MGP 1967» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014.
- ↑ «Norway 1967» (på engelsk). esc-history.com. Henta 22. juni 2014.
- ↑ «NORWEGIAN FINAL 1967» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 22. juni 2014.