James Butler, 2. hertug av Ormonde
James Butler, 2. hertug av Ormonde | |||
| |||
Fødd | 29. april 1665 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dublin | ||
Død | 16. november 1745 | ||
Dødsstad | Avignon | ||
Rang | general | ||
Eining | British Army | ||
Adelstittel | Duke of Ormonde |
James Butler, 2. hertug av Ormonde KG KT (29. april 1665–16. november 1745) var ein irsk statsmann og soldat. Han var den tredje frå Kilcash-greina av familien som arva jarldømet Ormonde. Som bestefaren, den første hertugen, vart han oppfostra som protestant, i motsetnad til den større familien hans som heldt seg til den gamle religionen.
Han tok kommando over eit kavaleriregiment i Irland i 1683 og tente så mot hertugen av Monmouth i slaget ved Sedgemoor (1685)..[1] Han var kommandant i slaget ved the Boyne i 1690.[1] I 1691 tente han på kontinentet under Vilhelm III, og etter dronning Anne tok over, varth an kommandant for landstyrken i samarbeid med Sir George Rooke i Spania, der han kjempa i slaget ved Cádiz og slaget ved Vigobukta.[1] Han tok over som statthaldar i Irland i 1703, ei stilling han hadde til 1707.
Då hertugen av Marlborough vart sagt opp frå stillinga si i 1711, vart Ormonde utpeikt som armékommandant og øvstkommanderande for dei britiske styrkane på kontinentet.
Etter å ha delteke i jakobittaropprøret i 1715, vart han tiltalt for høgforræderi den 21. juni 1715.[1] 8. august trekte han seg attende til Frankrike og kort tid etter vart eigedommane hans tekne frå han og han mista alle embeta sine. Ormonde slo seg etter kvart ned i Spania, der han stod til teneste for hoffet og fekk pensjon frå krona. Han tok seinare del i den spanske planen om å invadere England, og sette James Francis Edward Stuart på den britiske trona i 1719, men flåten hans vart spreidd under eit uvêr nær Galicia.[1] Mot slutten av livet heldt han seg mykje i Avignon.[1] Ormonde døydde den 16. november 1745 og vart gravlagd i Westminster Abbey.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «James Butler, 2nd Duke of Ormonde» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: