Jacob Munch
Jacob Munch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. august 1776 Christiania |
Død |
10. juni 1839 (62 år) |
Yrke | kunstmålar |
Ektefelle | Emerentze Munch |
Jacob Munch på Commons |
Jacob Edvard Munch (9. august 1776–10. juni 1839) var ein norsk offiser og portrettmålar.
Munch var fødd i Christiania. Han var mellom Noregs første akademiutdanna kunstnarar, studerte 1804-06 ved kunstakademiet i København. Frå 1806 til 1813 budde han i Paris, der han var elev av den nyklassisistiske målaren Jacques-Louis David.
Munch malå ei rekke portrett av norske patrisarfamiliar i ei «stiv utgåve av den franske empirestilen». Hovudverket er Carl Johans kroning i Trondhjems domkirke frå 1818, eit måleri bestilt av det kongelege hoff. Han laga nokre få landskapsmåleri. I 1818 var han ein av grunnleggjarane av 'Den kongelige Tegneskole' i hovudstaden. Han underviste ved skulen frå 1820.
Ein del verk av Jacob Munch finst i Nasjonalgalleriet.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Kroninga av Karl Johan i 1818.
-
Portrett av Alette Falsen.
-
Portrett av Niels Aall
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972
- NBL-artikkel om Munch, skriven av Ann Fahalat.