Ja til EF
Ja til EF | |||
Skipa | februar 1972 | ||
---|---|---|---|
Leiar | Reidar Carlsen | ||
Ideologi | proeuropeisk | ||
Oppløyst | 1970-åra |
Ja til EF vart stifta i februar 1972, etter at resultatet av forhandlingane om norsk medlemskap i EF låg føre.
Organisasjonen brukte dei same arbeidsmåtane som Folkerørsla mot EEC - det vart verva medlemmer, arrangert folkemøte, laga opprop og spreidd materiell. Det halve året organisajsonen var i arbeid, hadde dei nærare 1500 «stands» over heile landet med frivillig mannskap som delte ut flygeblad og jakkemerke, og dei opplevde at ja-sida fekk god framgang på meiningsmålingane, spesielt dei som vart tekne opp av Norsk Gallup.
Formannen for organisasjonen var arbeidarpartiveteranen Reidar Carlsen, han vart vald våren 1972 etter at Einar Gerhardsen hadde sagt nei til å engsjere seg aktivt i EF-striden. Dagleg leiar var Ola H. Medliaas.
Organisasjonen fekk pengar frå næringslivet. Han fekk òg, på line med Folkerørsla, tilskott frå staten til informasjonsarbeidet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Berge Furre: Norsk historie 1914-2000 Det Norske Samlaget 1999 ISBN 82-521-5549-9
- Edvard Bull / Knut Mykland: Norges historie - Norge i den rike verden J. W. Cappelens forlag 1979 ISBN 82-02-03449-3
- Yngvar Ustvedt Overflod og opprør - Det skjedde i Norge bind 3 1961-72 Gyldendal Norsk Frolag AS 1981 ISBN 82-574-0137-4