[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

John Kirkpatrick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Kirkpatrick

Fødd8. august 1947 (77 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv1972 til i dag
SjangerFolkemusikk
InstrumentTrekkspel, Anglo Concertina
Tilknytte artistarSteeleye Span, Albion Band, Thea Gilmore, Richard Thompson, Brass Monkey
Verka somMusikar

John Kirkpatrick (fødd 8. august 1947) er ein engelsk trekkspelmusikar og vert rekna innan toppsjiktet blant musikarar innan britisk folkemusikk.[1] Han har balansert ein solokarriere med samarbeid med eks-kona Sue Harris i 1980-ååra og studioarbeid for mange artistar, som Richard Thompson, Pere Ubu, Steeleye Span, Tarika Sammy, Gerry Rafferty, Tony Bird og Loudon Wainwright III. Kirkpatrick har kombinert tradisjonell folkemusikk og moderne musikk som medlem av Brass Monkey, ei gruppe han starta i lag med den britiske gitaristen Martin Carthy.

Interessa til Kirkpatrick i folkemusikk vart tent då han vart med i ei folkedansgruppe ved den lokale kyrkja som ungdom. Han spelte ført melodeon, men flytta til knappetrekkspel etter kort stund. Han bygde eit solid rykte med halvprofesjonelle band som the Troubadours, the Rhythmics og the Dingles Chillybom Band, og debuterte som sidemann for Tony Rose på albumet Young Hunting i 1970. Året etter spelte på han på Rose-albumet Under the Greenwood Tree, Roy Bailey sitt Roy Bailey, og Shirley Collins & the Albion Country Band sitt No Roses. I 1972 spelte han inn soloalbumet Jump at the Sun, med hjelp frå Ashley Hutchings og Richard Thompson. Han spelte etter kvart med Sandy DennySandy, og med Thompson på Henry the Human Fly.

1974 vart det mest suksessrike året til Kirkpatrick. I tillegg til det første duoalbumet med Sue Harris, The Rose of Britain's Isle (kåra til årets album av Folk Review) spelte han på Richard and Linda Thompson sitt I Want to See the Bright Lights Tonight og Hokey Pokey og Hutchings sitt The Compleat Dancing Master.

Kirkpatrick byrja å spele i lag med Martin Carthy då dei begge spelte i Albion Band i 1973. Same året spelte Carthy på Kirkpatrick-albumet Plain Capers: Morris Dance Tunes From the Cotswolds, som kom i 1976. Kirkpatrick vart invitert med i Carthy sitt band Steeleye Span. I tillegg til å spele på albumet deira Storm Force 10 og avskjedsturneen deira i 1977, spelte Kirkpatrick med Steeleye Span i nasjonalteateret sin produksjon av Flora Thompson sitt Lark Rises.

Etter Steeleye Span vart avslutta, slo Kirkpatrick og Carthy seg saman med Howard Evans, ein trompetist dei møtte medan dei framførte Lark Rises, og danna trioen Brass Monkey i 1979. Debutalbumetm deira kom i 1983 og trioen var då utvida med trombonisten Richard Cheetham og perkusjonisten Martin Brinsford. Sjølv om dei spelte inn ein oppfølgjar, See How It Runs, i 1986, hadde ikkje medlemanne nok tid til bandet og det vart lagt ned året etter. Det gjekk ti år før bandet spelte igjen, ein britisk turné i 1997 og det tredje albumet deira, Sound & Rumour, i 1998.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Soloalbum
  • Jump at the Sun (1972)
  • Going Spare (1978)
  • Three in a Row (1983)
  • Sheepskins (1988)
  • Earthling (1994)
  • One Man and His Box (1999)
  • Blue Balloon (1999)
  • Mazurka Berzerker (2001)
  • The Duck Race (2004)
  • A Short History of John Kirkpatrick (antologi) (1994)
  • Make No Bones (dobbel) (2007)
  • Dance of the Demon Daffodils (2009)
  • God Speed the Plough (2011)
John Kirkpatrick and Sue Harris
  • The Rose of Britain's Isle (1974)
  • Among The Many Attractions at the Show will be a Really High Class Band (1976)
  • Shreds and Patches (1977)
  • Facing the Music (1980)
  • Ballad of the Black Country (1981)
  • English Canals (1981)
  • Stolen Ground (1989)
Ashley Hutchings med John Kirkpatrick
John Kirkpatrick og Martin Carthy
  • Plain Capers (1976)
med the Albion Band
  • Battle of the Field (1976)
  • Lark Rise To Candleford (1980)
med John Raven and Sue Harris
  • The English Canals (1977)
med Steeleye Span
  • Storm Force Ten (1977)
  • Live at Last! (1978)
med Brass Monkey
  • Brass Monkey (1983)
  • See How it Runs (1986)
  • Sound and Rumour (1999)
  • Going And Staying (2001)
  • Flame of Fire (2004)
  • The Complete Brass Monkey (anthology)
John Kirkpatrick Band
  • Force of Habit (1997)
  • Welcome To Hell (1997)
med Umps and Dumps
  • The Moon's in a Fit (1980)
John Kirkpatrick, Maddy Prior and Sydney Carter
  • Lovely in the Dance (1981)
Kepa Junkera, Riccardo Tesi, John Kirkpatrick
  • Trans-Europe Diatonique (1993)
John Kirkpatrick, Rosie Cross, Georgina Le Faux, Michael Gregory, Jane Threlfall, Carl Hogsden
  • Wassail! (1997)
Maddy Prior, John Kirkpatrick, Frankie Armstrong, Nic Jones, Gordeanna McCulloch
  • Ballads (1997)
John Kirkpatrick and Chris Parkinson
  • Sultans of Squeeze (2005)
Som studiomusikar
Filmmusikk
Samlealbum
  1. Allmusic-biografi
  2. with other artists

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]