John Jensen
John Jensen i 2002 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 3. mai 1965 (59 år) | ||
Fødestad | København | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Sentral midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1983-1988 | Brøndby | ||
1988-1990 | Hamburg | 47 | (0) |
1990-1992 | Brøndby | 44 | (4) |
1992-1996 | Arsenal | 99 | (1) |
1996-1999 | Brøndby | 90 | (3) |
1999-2001 | Herfølge | 40 | (0) |
Landslag | |||
1987-1995 | Danmark | 69 | (4) |
Trenar for | |||
1999-2002 | Herfølge | ||
2002-2006 | Brøndby (assisterande trenar) | ||
2007-2008 | Getafe (assisterande trenar) | ||
2009 | Randers | ||
2011 | Blackburn (assisterande trenar) | ||
2012-2013 | Brøndby (konsulent) | ||
2014-2018 | Fremad Amager | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
John Jensen (fødd 3. mai 1965) er ein dansk tidlegare fotballspelar og -trenar frå København, som vart europameister med Danmark i 1992. Midtbanespelaren vann i si tids sju seriegull med Brøndby IF og vart FA-cupmeister 1993 med London-klubben Arsenal FC.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Jensen, med tilnamnet Faxe, var Brøndby-spelar i tre periodar; 1983-88, 1990-92 og 1996-99. I kvar av desse tre periodane var han med å vinne høvesvis to, to og tre seriemeistertitlar med laget frå heimbyen København. År 1987 vart han elles kåra til årets spelar i Danmark. Inn i mellom spelte han på Hamburger SV 1988-90 og Arsenal FC 1992-95. Med Arsenal vann han FA-cupen 1993, men skåra desse sesongane eitt einaste ligamål og vart rekna for ei svært dårleg signering. Sesongen 1999/2000 var han spelande trenar i Herfølge Boldklub, og leidde laget til ein sensasjonell triumf i i den danske toppserien (superligaen). Han la fotballskorne på hylla i 2001.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Den 24. september 1986 fekk Jensen sin landslagsdebut som innbytar då heimelaget tapte 0-2 mot Vest-Tyskland. Han spelte to av dei tre kampane då Danmark deltok fotball-EM 1988. I den neste europameisterskapen i Sverige fire år seinare, vart han kjend for eit stort fotballpublikum då han gav Danmark leiinga 1-0 mot Tyskland i EM-finalen 1992, ein kamp som enda med 2-0 og dansk EM-pokal. I august 1995 vart han bytta ut då Danmark slo heimelaget Armenia 2-0 i Jerevan. Etter 69 kampar og fire mål i landslagsdrakt kom han ikkje med i fleire landslagstropper.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europameister: 1992 med Danmark
- Dansk seriemeister: 1987, 1988, 1990, 1991, 1996, 1997 og 1998 med Brøndby IF
- Engelsk cupmeister: 1993 med Arsenal FC
- Engelsk ligcupmeister: 1993 med Arsenal FC
- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1994 med Arsenal FC
- Dansk seriemeister: 2000 med Herfølge BK
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Jensen» frå Wikipedia på tysk, den 30. april 2017.