[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

John Blackwood McEwen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Blackwood McEwen

Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 13. april 1868
Hawick
Død

14. juni 1948 (80 år)
London

Yrke komponist, musikkpedagog, universitetslærar
Språk engelsk

John Blackwood McEwen (13. april 186814. juni 1948) var ein skotsk komponist, rektor, professor, pianist, lærar og forfattar.

McEwen var fødd i Hawick i Skottland. Han studerte komposisjon på Det kongelege Musikkonservatoriet i London (1898-1924). Her blei han seinare rektor, professor og lærar i komposisjon og klaver, og var lærar for mange av den komande generasjonen av engelske komponistar, som William Alwyn og Priaulx Rainier.

Han skreiv fem symfoniar, tre konsertar, ulike orkesterverk, kammermusikk, suitar, scenemusikk, korverk, songar og solostykke for ulike instrument.

McEwen var medstiftar av den engelske komponistforeininga, og var òg leier av Incorporated Society of Musicians. McEwen skreiv òg to musikalske lærebøker, Exercises on Phrasing in Pianoforte Playing og The Principles of Phrasing and Articulation in Music.

Utvalde verk

[endre | endre wikiteksten]
  • 5 symfoniar (1892-1922), mellom anna Symfoni nr. 5 «Solway», for orkester
  • Bratsjkonsert (1901), for bratsj og orkester
  • Hills o'Heather (1918), eit tilbakeblikk, for cello og orkester
  • Prins Charlie (1924, Rev. 1941), ein skotsk rapsodi, for fiolin og orkester