Johann Gottfried Galle
Utsjånad
Johann Gottfried Galle | |||
Johann Gottfried Galle | |||
Fødd | 9. juni 1812 Radis i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juli 1910 (98 år) Potsdam i Tyskland | ||
Nasjonalitet | Tysk | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Wrocław | ||
Alma mater | Universitetet i Berlin | ||
Kjend for | oppdaginga av planeten Neptun | ||
Utmerkingar | Lalandeprisen (1839) | ||
Medlem | Det bayerske vitskapsakademiet | ||
Signatur |
Johann Gottfried Galle (9. juni 1812–10. juli 1910) var ein tysk astronom. Den 23. september 1846 oppdaga han Neptun etter utrekningar av U.J.J. Leverrier. Han oppdaga tre kometar og gav i 1894 ut eit register over alle utrekna kometbanar. Han arbeidde òg med meteorar og synte korleis observasjonar av jordnære asteroidar kan nyttast til utrekning av solparallaksen.
Galle var direktør for observatoriet i Breslau frå 1851 til 1897.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Johann Gottfried Galle», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014