Johan Martin Dahll
Utsjånad
Johan Martin Dahll | |||
| |||
Fødd | 30. juni 1830 Kragerø | ||
---|---|---|---|
Død | 28. november 1877 (47 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, handelsmannn | ||
Alle verv |
|
Johan Martin Dahll (24. juni 1830–28. november 1877) var ein norsk næringsdrivar og stortingsmann frå Kragerø.
Dahll var son til ein kjøpmann. Han gjekk Anderssonske handelsinstitutt i Bergen, og vart så omkring 1853 sett til å styre to gruver ått av engelske handelsinteresser. I 1861 tok han over eiga i dei to gruvene, ei apatittgruve ved Kragerø og ei nikkelgruve i Bamble. Gruvedrifta gjekk så godt at han ei tid truleg var den største bergverkseigaren i Noreg. I tillegg dreiv han iseksport og skipsbyggeri.
Etter å ha vore varamann til Stortinget 1874-76, representerte han Kragerø på Stortinget i 1877, der han var medlem av næringskomité nr 1. Same hausten døydde han på Jomfruland i Skåtøy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Johan Martin Dahll NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv