Joanne av Michael Nesmith
Joanne Singel av Michael Nesmith frå albumet Magnetic South | ||
Utgjeve | 1970 | |
Innspelt | 20. februar 1970 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 3:10 | |
Selskap | RCA Victor | |
Låtskrivar(ar) | Michael Nesmith | |
---|---|---|
Produsent | Felton Jarvis |
«Joanne» er ein song skriven og framført av Michael Nesmith. Det var den einaste hitten hans som soloartist. Singelen vart gjeven ut på RCA Records i 1970, henta frå albumet Magnetic South, det første albumet gjeve ut av Nesmith og The First National Band etter at han slutta i The Monkees. I USA nådde songen 21. plassen på Billboard Top 100 den 3. oktober 1970. Songen nådde fjerdeplassen på singellista i Canada og tredjeplassen i Australia, [1] og heilt til topps på singellista i New Zealand. I USA vart dette den mest suksessrike solohitten av eit tidlegare medlem i The Monkees.
«Joanne» var den andre singelen frå Magnetic South, etter «Little Red Rider» (som ikkje gjekk inn på lista). B-sida til «Joanne» var songen «One Rose».
Songen vart ofte spelt på konsertane til Nesmith og finst på alle dei tre konsertalbuma hans: Live At The Palais, Live at the Britt Festival og Movies of the Mind.
Songen vart òg spelt inn av smørsongaren Andy Williams i 1970 for albumet The Andy Williams Show.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Michael Nesmith – vokal, rytmegitar
- O.J. «Red» Rhodes – pedalsteelgitar
- John Ware – trommer
- John London – bass
- Earl P. Ball – piano
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Joanne (Michael Nesmith song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (doc) . Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 173.
- ↑ «Cash Box Top 100 Singles, 10. oktober 1970». Arkivert frå originalen 8. juni 2015. Henta 18. november 2017.
- ↑ «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 2. juni 2016. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. 17. juli 2013.