J.K. Rowling
Joanne Rowling (fødd 31. juli 1965 i Chipping Sodbury), gift Murray og kjend under pseudonymet J.K. Rowling, er ein britisk forfattar og skaparen av bokserien om trollmannen Harry Potter. Rowling er i dag busett i Edinburgh i Skottland.
Ho gav ut den fyrste Harry Potter-boka, Harry Potter og De vises stein i 1997. Etter denne kom det seks oppfylgjarar, den siste, Harry Potter og dødstalismanene i 2007. I løpet av denne tida gav Rowling òg ut tre supplement til serien. I 2012 debuterte ho som vaksenforfattar med tragikomedien Den tomme stolen. Under pseudonymet "Robert Galbraith" gav ho ut krimromanen The Cuckoo's Calling i 2013.
Forfattarskapen har gitt henne store inntekter; Forbes skreiv i februar 2004 at formuen hennar var på 576 millionar britiske pund, noko som gjer ho til den fyrste forfattaren som har vorte dollarmilliardær og den niande rikaste kvinna i Storbritannia. Rowling vart slik rikare enn dronninga, men har sidan gjeve vekk store summar til velgjerd.[treng kjelde]
Oppvekst
[endre | endre wikiteksten]Rowling er fødd i Chipping Sodbury i South Gloucestershire, sør i England.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Rowling skreiv først to romanar for vaksne, som til no ikkje er blitt gjevne ut, før ho fekk ideen om Harry Potter under ein firetimars togtur. I følgje henne, var allereie ein god del av personane samt det meste av plottet for første boka, Harry Potter og de vises stein, uttenkt idet toget rulla inn på stasjonen. Ho byrja å skrive i lunsjpausane sine og heldt fram med å arbeide med manuskriptet medan ho underviste i engelsk på Encounter English School i Oporto i Portugal. Etter eit mislykka ekteskap drog ho tilbake til Storbritannia med dotter si og fullførte boka i Edinburgh. På denne tida var ho arbeidslaus og levde berre på velferdsytingar.
Den første boka om Harry Potter vart ein braksuksess. Inntektene har gjort henne svært rik, og i 2001 skaffa ho seg ein herskapsbustad frå 1800-talet ved breidda av elva Tay i Perthshire i Skottland. Her gifta ho seg med Neil Murray i 2001. Dei har tre born saman.
I 2012 gjorde Rowling det kjent at ho skulle skrive ei ny bok, og at denne skulle bli «annleis enn Harry Potter-serien». Seinare vart det kunngjort at den nye romanen, som vart skriven for vaksne, skulle heite The Casual Vacancy, på norsk Den tomme stolen.
Utgivingar
[endre | endre wikiteksten]Harry Potter-serien
[endre | endre wikiteksten]- Harry Potter og De vises stein (Harry Potter and the Philosopher's Stone, i USA Harry Potter and the Sorcerer's Stone) (26. juni 1997)
- Harry Potter og Mysteriekammeret (Harry Potter and the Chamber of Secrets) (2. juli 1998)
- Harry Potter og fangen fra Azkaban (Harry Potter and Prisoner of Azkaban) (8. juli 1999)
- Harry Potter og ildbegeret (Harry Potter and the Goblet of Fire) (8. juli 2000)
- Harry Potter og Føniksordenen (Harry Potter and the Order of the Phoenix) (21. juni 2003)
- Harry Potter og Halvblodsprinsen (Harry Potter and the Half-Blood Prince) (16. juli 2005)
- Harry Potter og dødstalismanene (Harry Potter and the Deathly Hallows) (23. juni 2007)
Andre barnebøker
[endre | endre wikiteksten]- Fabeldyr og hvor de er å finne (Fantastic Beasts and Where to Find Them) (supplement tilHarry Potter-serien) (1. mars 2001)
- Rumpeldunk gjennom tidene (Quidditch Through the Ages) (supplement tilHarry Potter-serien) (1. mars 2001)
- Skalden Skurres historier (The Tales of Beedle the Bard) (supplement tilHarry Potter-serien) (4. desember 2008)
Vaksenbøker
[endre | endre wikiteksten]- Den tomme stolen (The Casual Vacancy) (27. sept 2012)
- Når gjøken galer (The Cuckoo's Calling) (April 2013)
- Silkeormen (The Silkworm) (2014)
Kort historie
[endre | endre wikiteksten]- Harry Potter forlaupar (juli 2008)
Artiklar
[endre | endre wikiteksten]Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå engelsk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |
- Anelli, Melissa (2008). Foreword to Harry, A History: The True Story of a Boy Wizard, His Fans, and Life Inside the Harry Potter Phenomenon. Pocket Books.
- Brown, Gordon (2006). Introduction to "Ending Child Poverty" in Moving Britain Forward. Selected Speeches 1997–2006. Bloomsbury.
- McNeil, Gil and Brown, Sarah, editors (2002). Foreword to the anthology Magic. Bloomsbury.
- Rowling, J.K. (2008, 5 June). "The Fringe Benefits of Failure, and the Importance of Imagination". Harvard Magazine.
- Rowling, J.K. (2009, 30 April). "Gordon Brown – The 2009 Time 100" Arkivert 2013-08-26 ved Wayback Machine.. Time Magazine.
- Rowling, J.K. (2010, 14 April). "The Single Mother's Manifesto". The Times.
- Rowling, J.K. (2012, 30 November). "I feel duped and angry at David Cameron's reaction to Leveson". The Guardian.
- Sussman, Peter Y., editor (2006, 26 July). "The First It Girl: J.K. Rowling reviews Decca: the Letters of Jessica Mitford. The Daily Telegraph.