[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ilder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilder
Ilder
Ilder
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU SårbarUtbreiinga av ilder
Utbreiinga av ilder
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Mårfamilien Mustelidae
Slekt: Mustela
Art: Ilder M. putorius
Vitskapleg namn
Mustela putorius

Ilder (Mustela putorius) er eit lite rovdyr i mårfamilien. Tamilderen sitt latinske namn er Mustela p. furo. Ilder er i slekt med mellom anna jerv, grevling, skunk, mink, røyskatt og snømus. Ilder finst i store delar av Europa, nordgrensa går i Søraust-Noreg, så han har ikkje stor utbreiing i Noreg. Ilder er rekna som ein sårbar art i Noreg.[1] Det har til tider vore omfattande ilderoppdrett i Noreg, og mykje av den norske bestanden kan stamme frå rømde oppdrettsilderar.

To ilderar i Skandinavisk Dyrepark i Djursland i Danmark.
Foto: Malene Thyssen, 2005

Ilder har ei langstrekt og elegant form, med kroppslengde på nær 45 cm. Vekta kan nå 1 1/2 kg. Hovudføda er frosk, padder, smågnagarar, fugl og egg. På same måte som røyskatten hamstrar ilderen mat i overskotstider, og den kan og sikre fersk mat utover vinteren ved å bite frosk over nakken og lamme frosken slik at den ikkje døyr, men fungerer som levande matlager.

Ilderar som kjæledyr

[endre | endre wikiteksten]
Kjæleilderar (Mustela putorius furo)

Dei fleste i dag kjenner ilderen som eit kjæledyr. Dei er nysgjerrige og leikne som kattungar heile livet, og er svært folkekjære - faktisk så mykje at mange ildereigarar vel å skaffe seg eit par ilderar, slik at dei kan leike med kvarandre, i staden for å ha ein ilder springande etter seg heile tida. Om ilderen blir oppdratt skikkeleg, som kvalpar, kan dei bli ganske stovereine og bit ikkje.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]