[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Iași

Koordinatar: 47°09′44″N 27°35′20″E / 47.16222°N 27.58889°E / 47.16222; 27.58889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iași
Horisonten til Iași
Horisonten til Iași
Byvåpenet til Iași
Byvåpenet til Iași


Plassering
Iași is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Iași
Grunnlagd 1408
Borgarmeister Gheorghe Nichita
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

93,9 km²
787.8 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik
 - Storbyområde

271 692
  2 893,4 /km²
452 742
Koordinatar 47°09′44″N 27°35′20″E / 47.16222°N 27.58889°E / 47.16222; 27.58889
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 700xxx
Retningsnummer (tlf) +40 x32
Bilnummer IS
Nettstad: www.primaria-iasi.ro

Iași (/jaʃʲ/) er ein by og ein kommune nordaust i Romania. Han var hovudstad i Moldavia frå 1500-talet til 1861 og i Kongedømet Romania mellom 1916 og 1918 under den første verdskrigen.

Han er den tredje største byen i Romania og eit økonomisk, kulturelt og akademisk senter i regionen Moldavia. Byen har det eldste universitetet i landet og årleg held over 60 000 studentar til på fem offentlege og tre private universitet i byen. Her er meir enn 50 kyrkjer og fem kultursenter. Kulturlivet krinsar om Nasjonalteateret (det eldste i Romania), Operahuset, Det nasjonale filharmoniske orkesteret, Tătărași Atenuem, ein botanisk hage (den eldste og største i Romania), Det sentrale universitetsbiblioteket (det eldste i Romania), mange museum og minnehus, eit sjølvstendig teater og fleire studentorganisasjonar.

Golia kloster

Rundt 1564 flytta fyrst Alexandru Lăpuşneanu den moldaviske hovudstaden frå Suceava til Iași. Mellom 1561 og 1563 vart det grunnlagd ein skule og ei luthersk kyrkje av den greske fyrsten Ioan Iacob Heraclid her. I 1640 grunnla Vasile Lupu den første skulen på morsmålet, og denne erstatta den greske skulen. Han sette òg opp ei boktrykkjarpresse i den austromerske Trei Ierarhi-kyrkja, som vart bygd i 1635–1639. I 1643 vart den første boka som nokon gong vart trykt i Moldavia gjeven ut i Iași.

Byen vart brend til grunnen av tatarar i 1513, av omanarar i 1538 og av russiske troppar i 1686. I 1734 vart byen råka av pest.

Med Iașitraktaten enda den sjette russisk-tyrkiske krigen i 1792. Eit gresk opprør og ein okkupasjon under Alexander Ypsilanti og Filiki Eteria (1821 i byrjinga av den greske sjølvstendekrigen) førte til at tyrkarane storma byen i 1822. I 1844 vart det ein alvorleg bybrann.

Mellom 1565 og 1859 var byen hovudstad i Moldavia, og mellom 1859 og 1862 var både Iași og București de facto hovudstadar i Dei donauske fyrstedøma. I 1862, då unionen mellom dei to fyrstedøma vart anerkjend under namnet Romania vart hovudstaden București aleine. For at regjeringa skulle flytte til București bestemte den grunnlovgjevande forsamlinga at det skulle betalast 148 150 lei i ti årlege avdrag til byen, men dette vart aldri gjort.

Dei primitive trehusa i Iași vart stort sett rivne ned etter 1860 og erstatta av hus i murstein og stein. Det vart lagt betre gater der det tidlegare hadde vore smale og usanitære vegar.

Under den første verdskrigen vart Iași hovudstad i det sterkt reduserte Romania i ein periode på to år etter at Sentralmaktene okkuperte București 6. desember 1916. Hovudstaden vart flytta tilbake til București etter at Det tyske riket og deira allierte tapte krigen i november 1918.

I mai 1944 var Iași åstad for intense kampar mellom rumensk-tyske styrkar og den raude arméen, og delar av byen vart heilt lagde i grus. Dei tyske elitestyrkane i Grossdeutschland divisjon vann ein avgjerande siger i slaget ved Târgul Frumos, nær Iași. Slaget vart studert fleire gonger av NATO under den kalde krigen. I juli hadde sovjetiske styrkar likevel teke over Iași.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Iași innanfor Iași fylke

Iași er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Busetnad Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Iași 290 422 271 692

Storbyområde

[endre | endre wikiteksten]

Storbyområdet omfattar Iași og 26 mindre kommunar med eit samla folketal i 2021 på 452 742.[3][4]

Kommune Folketal 2021[1]
Iași municipiu 271 692
Aroneanu comună 4 338
Bârnova comună 7 913
Ciurea comună 17 254
Comarna comună 4 221
Costuleni comună 4 080
Dobrovăț comună 2 128
Golăiești comună 3 563
Grajduri comună 3 687
Holboca comună 13 697
Lețcani comună 6 845
Miroslava comună 28 534
Mogoșești comună 4 706
Movileni comună 2 895
Popricani comună 7 236
Prisăcani comună 3 638
Rediu comună 8 295
Românești comună 1 524
Scânteia comună 5 505
Schitu Duca comună 3 619
Țigănași comună 4 114
Tomești comună 12 169
Țuțora comună 2 063
Ungheni comună 3 582
Valea Lupului comună 14 510
Victoria comună 3 819
Voinești comună 7 105
Total 452 742

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]