Informasjonsskilt
Utsjånad
Eit informasjonsskilt er eit lett oppfatteleg skilt som gjev viktig informasjon eller instruksjonar. Eit typisk døme er trafikkskilt.
I moderne tid er det blitt fleire informasjonsskilt enn tidlegare, mellom anna på grunn av endringar i samfunnet som gjer at mange menneske kjem til nye stader. Teknologien for å laga skilt har òg endra seg. Historisk blei skilt skorne ut eller måla for hand i tre eller metall som smijern.
I dag kan ein masseprodusera skilt ved hjelp av maskinar, noko som òg gjer det enklare å laga mange like skilt. Nye plastikkmateriale har òg gjort det enklare å laga informasjonsskilt.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Informasjonsskilt