[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

I/O-eining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit tastatur er ei I/O-eining.

I/O-eining er ei eining som tillet ei datamaskin å kommunisera med brukaren og/eller andre fysiske einingar. Typiske døme er mus og tastatur, skjermar, nettverkskort, skannarar, skrivarar, lydkort og så vidare. I/O-einingar er kopla til hovudkortet i datamaskina via ein intern buss som PCI, PCI-Express, CardBus, eller via eit eksternt grensesnitt som USB, IEEE-1394, Ethernet og så vidare. Nokre I/O-einingar, som skrivarar, har ofte både USB- og Ethernet-grensesnitt.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.