[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Hypertrofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hypertrofi ( frå gresk hyper over og trophé næring) er ein auke i storleiken på eit organ eller eit vevsområde. Dette skuldast auke i volum av kvar einskild celle. Hypertrofi må ikkje forvekslast med hyperplasi kor talet på celler aukar. Hypertrofi kan skuldast auka arbeide, medikamentpåverknad eller sjukdom. Døme på organ som heilt eller delvis kan hypertrofiera er skjelettmusklane og hjartemuskelen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • A. Øyri: Norsk medisinsk ordbok